Kassonké

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kassonké
Xaasongaxango
Klassifisering Niger-kongospråk
 Mandespråk
  Vestleg mandespråk
Bruk
Tala i Mali, Senegal, Gambia,
Område Ausi i Senegal, dessutan i Mali, Gambia og Guinea-Bissau
Kassonkétalande i alt 130 000 (1991)[1]
Skriftsystem arabisk alfabet, latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-2 mlq

Kassonké (Xaasongaxango) eller xasonga er eit mandespråk tala av kassonke-folket vest i Mali.

Språka kassonké og vest-malinké, som blir snakka aust i Senegal, er i stor grad gjensidig forståelege.

Det finst nedskrivne grammatikkbøker for kassonké, men berre eit fåtal kan lese og skrive språket. Det nye testamentet var ferdig omsett til kassonké i 2008, og Normisjon arbeider med å omsetje resten av Bibelen til kassonké.[2] Denne omsetjinga vil truleg også kunne lesast av dei som talar malinké-dialektar i Senegal.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]