Kaste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk framstilling av hovudkastene i India etter rituell «rein» status.

Kaste (frå latin castus, 'rein', gjennom portugisisk casta, 'rase, avstamming'[1]) er ei form for sosial lagdeling der kvart samfunnsmedlem er låst inn i ein kaste frå fødselen av, og der ekteskap mellom ulike kastegrupper er sterkt avgrensa.[2] Det best kjende døme på kaste er det indiske kastesystemet, som forenkla kan seiast å ha fire hovudkastar.[1]

Omgrepet blei først brukt av portugisarar for å skildra samfunnsordninga dei møtte i India då dei kom dit på 1500-talet, og blei seinare teke opp av britane.[3] Casta viste i det portugisiske og spanske imperiet til ei samfunnsinndeling basert på kor europeiske eller innfødde kreolar i dei ulike koloniane var.

Menneske i India i kolonitida blei fødde inn i kastar som dei høyrde til heile livet. Kasten bestemte kva arbeid dei kunne ta, kven dei kunne gifta seg med og kva sosiale normer dei måtte følgja, til dømes gjennom kosthaldsreglar, der til dømes vegetarianisme og fråhald frå alkohol er knytt til høgare kastar. Lågare kastar kunne gjera høgare kastar «ureine» gjennom å dela mat, drikkekar, røra dei eller la skuggen sin røra dei. Dei som braut normene kunne bli kasta ut av kasten sin og bli kastelause. Det indiske kastesystemet er kjenneteikna av fire hovudkastar (varna) og ei rekkje underkastar (jat, jati) som kan plasserast inn i hovudkastane.[4]

Kastesystem har òg utvikla seg andre stader i verda, men få til å bli så systematiske som det indiske. Variantar av det indiske kastesystemet finst i heile Sør-Asia og på stader som har blitt kulturelt påverka av India, som Bali i Indonesia og Burma. Blant indiskætta innbyggjarar i Karibia er kastesystemet blitt sterkt utvatna av ulike grunnar, som at indarane kom enkeltvis frå ei mengd ulike kastar, og at plantasjeordninga dei arbeidde under la vekt på produksjon heller enn status.[5] Japan under føydalsystemet var delt inn i ulike kastar, som samurai (krigarar) og burakumin (urørbare), som bestemte kva rettar ein hadde og kven ein kunne gifta seg med.

Forskarar har også rapportert om kastar i Jemen (al-akhdam, kroppsarbeidarar av afrikansk herkomst) og store delar av Afrika, som i Songhairiket i Vest-/Sentral-Afrika og mellom anna blant fulaniar og mandefolk i Vest-Afrika, wolofar i Senegal og igboar i Nigeria. I Vest-Afrika er det vanleg å skilla mellom ulike handverkarkastar og griotar (forteljarar), urørbare og frie eller adelege. Kaste går typisk i arv frå far til barn.[6] Omdiskuterte studium av Sentral-Afrika på midten av 1900-talet skildra Rwanda som kasteinndelt med ei hierarkisk inndeling av tutsiar, hutuar og twafolk. I Aust-Afrika har ein skildra kastar blant klanane til somaliarar, oromofolk og dimefolk, som er delt inn i sju kastar.[7]

I Europa er omgrepet «kaste» sjeldan brukt om dei ulike stendene eller samfunnsklassane, sjølv om ein kan finna trekk ved det i det arvelege aristokratiet.[8] Omgrepet er likevel ein del brukt om grupper som stod utanfor samfunnet, som urørbare cagots/agottes i Spania og Frankrike, taterar/reisande i Nord-Europa og sigøynarar/romfolk i store delar av Europa.[9]

I ei meir kontroversiell bruk av omgrepet «kaste» er Sør-Afrika under apartheid og USA under segregeringa blit kalla kastesamfunn,[4] mellom anna i «American Caste and Class» av W. Lloyd Warner (1936), Caste and Class in a Southern Town (1937) av John Dollard og An American Dilemma (1944) av Gunnar Myrdal.[10] Omgrepet «Boston Brahmin» er også blitt brukt om ein lukka «kaste» av overklassefolk frå Boston.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Knowles, Elizabeth (red.), «caste» (avgrensa tilgang) i The Oxford Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press, 2005.
  2. «caste» (avgrensa tilgang), The Concise Oxford Dictionary of Archaeology. Oxford Reference. 2006-01-01. Vitja 3 juni 2013
  3. Calhoun, Craig (red.), «caste» (avgrensa tilgang) i Dictionary of the Social Sciences, Oxford University Press, 2002.
  4. 4,0 4,1 Scott, John, and Gordon Marshall, «caste», A Dictionary of Sociology. Oxford University Press, 2009. Oxford Reference. 2009. Avgrensa tilgang.
  5. Janet Naidu, «Retention and Transculturation of Hinduism in the Caribbean», Guyana Journal, March 2007; Anil J. Misir, «The Attenuation of the Caste System Among Hindus in the Caribbean», Indo-Caribbean Heritage/
  6. African Kingdoms Songhai Class System; «Ethiopia: Treatment of Madhiban/Midgan/Medigan minority clan». ACCORD. 20 May 2009. ; Dolores Richter (January 1980). «Further considerations of caste in West Africa: The Senufo». Africa 50: 37–54. doi:10.2307/1158641. ; Tal Tamari (1991). «The Development of Caste Systems in West Africa». The Journal of African History 32: 221–250. doi:10.1017/S0021853700025718. . Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  7. D. M. Todd (October 1977). «LA CASTE EN AFRIQUE? (Caste in Africa?)». Africa 47: 398–412. 
  8. «caste», A Dictionary of Public Health. Ed. Last, John M. Oxford University Press, 2007. Oxford Reference. 2007 (Avgrensa tilgang).
  9. Anne Minken, Tatere i Norden før 1850, doktorgradsavhandling, Universitetet i Tromsø.
  10. Scott, John, and Gordon Marshall, «Caste School of Race Relations». A Dictionary of Sociology. Oxford University Press, 2009. Oxford Reference. Avgrensa tilgang.