Kastratsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kastratsongaren Alessandro Moreschi

Kastratsanger er ein mannleg vokalist som i ung alder vert kastrert for å hindre at han kjem i stemmeskifte.

Kastratsangeren hadde lungevolumet til ein mann og ei alt- eller sopranrøyst som ein gut, noko som i kombinasjon med den strenge songtreninga, som starta tidleg i barndomen, skapte ein til då ukjend virtuositet. Denne praksisen med å kastrere særleg talentfulle unge gutar starta på 1400-talet og varte fram til 1700-talet. Det oppstod i Spania og Italia ved at ein ynskte høge stemmer innan kyrkjemusikken og der kvinnestemmer på den tida ikkje var tillatne.

Den eigenlege glanstida til kastratsongarane byrja med oppsvinget til operasjangeren (Opera seria). Under barokken var dei fremste songarane kastratar, og særleg Farinelli (eigentleg Carlo Broschi) vart den mest kjende. Men i Frankrike var publikum negative til kastratstemmene. Gullalder til kastratsongarane av over mot slutten av 1700-talet, då eit nytt og enklere musikalsk uttrykk oppstod. Kastratsongarar fanst likevel enno utover 1800-talet, fram til denne typen operasjonar vart forbode i 1870.

Ein av dei siste kastratane, Alessandro Moreschi (1858-1922), var solist i koret til Det sixtinske kapellet heilt fram til 1913 og stemma hans er bevart på ei rekkje grammofoninnspelingar frå åra 1902-03. Etter tida til kastratane vert desse stemmane som oftast sunge av kvinnelege songarar, men i den seinare tida har det vorte vanlegare at desse stemmane vert sunge av mannlege altar (kontratenor).

Registeret og tessituraen til kastratsongarane var som regel større enn hos ikkje kastrerte songarar.

Ein biverknad av kastreringa var at songarane fekk ei særprega kroppsform:: høgda var over gjennomsnittet, med lange fingrar og tær, smale armar og overkropp og noko breiare hofter enn normalt hos menn. Kor synlege desse særprega var var avhengig av kor langt dei var kome i utviklinga då dei vart kastrerte.

I 1870 vart denne typar operasjonar forbode i Italia, som det siste landet som innførde eit slikt forbod.

Media[endre | endre wikiteksten]

Alessandro Moreschi syng Eugenio Terzianis Hostias et preces 

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kastratsongar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]