Kasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit kasus er ein grammatisk kategori som viser kva funksjon dei nominale setningsledda har i setninga. I norsk har dei personlege pronomena kasus, skilnaden mellom eg og meg og du og deg i setningar som eg ser deg og du ser meg er ein kasusskilnad, eg og du er nominativsformer og meg og deg er akkusativformer.

Det finst i hovudsak to kasussystem, nominativ-akkusativ-system og ergative system.

Nominativ-akkusativ-system[endre | endre wikiteksten]

I desse systema har subjektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på nominativ-akkusativ-system, eitt kan vere indoeuropeiske språk.

Kasus i norske dialektar[endre | endre wikiteksten]

Tal: Eintal Fleirtal
Bundenheit: Ubunden form Bunden form Ubunden form Bunden form
Kasus: N/A/D N/A D N/A/D N/A D
Gudbrandsdalen einn båt 'båtn 'båté "båte "båtæinn "båtåm
Selbu en båt 'båtn 'båtã "båta "båtainn "båtåm
Nordmøre εn båt 'båtn 'båta "båta "båtainn "båtå
Verdal εn båt 'båtn 'båta "båta "båtann "båtom

I mange norske dialektar finn ein òg kasusbøying av substantiv. I ubunden form er det ikkje kasusdistinksjon, men i bunden form er det ein skilnad mellom dativ (for indirekte objekt og etter visse preposisjonar, i prinsippet dei same som i tysk, og nominativ for alle andre grammatiske funksjonar, inkludert objekt. Som regel er det slik at i eintal dativ får hankjønnssubstantiv same suffiks som vi finn for eintal nominativ hos hokjønnssubstantiv, og omvendt, mens inkjekjøn får eit eige suffiks. I fleirtal får alle genera same suffiks, som regel -om i austnorske og -o i vestnorske dialektar. (Sjå tabellen til høgre.)

Særskilde dativformer av substantiv finst i dag hovudsakleg i midlandsmål, nordlege e-mål og trøndsk sørom Trondheimsfjorden, og dei fleste stadene er desse formene på sterkt vikande front mellom yngre språkbrukarar.

Ergative system[endre | endre wikiteksten]

I desse systema har objektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på ergative system, eitt kan vere grønlandsk.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.