Katabatisk vind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katabatisk vind i Antarktis.
Figur som syner utviklinga av katabatisk vind i Antarktis.

Katabatisk vind eller fjellbris er vind som bles ned ein skråning som ein ås, eit fjell eller ein isbre. Når slike vindar bles over store område vert dei av og til kalla fallvind. Det motsette er vind som bles oppover ein skråning, og dette vert kalla anabatisk vind.

Ein skil mellom vind som kjennest varmare enn omgivnadane (fønvind) og vind som er kjøligare (til dømes mistralvinden i Middelhavet eller boravinden i Adriahavet). Katabatisk vind viser til den kjølige varianten.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Katabatisk vind oppstår når lufta vert avkjølt på toppen av eit fjell, isbre eller ein ås. Sidan tettleiken til luft aukar når temperaturen minkar, vil lufta strøyme nedover skråninga og bli varma opp adiabatisk. Den vil likevel halde seg relativt kald.

Kald katabatisk vind har ein ofte tidleg på natta når sola har gått ned og bakken byrjar å stråle ut varmestråling. Kald luft frå ekstratropiske syklonar kan medverke til denne effekten.

På liten skala er denne vinden som regel for svak til ein kan merke han. I bratte fjellsider under eit fjellplatå kan han ofte komme i form av kast, såkalla kaldluftsras. Kaldlufta som strøymer nedover ei dalside samlar seg i botn av dalen og strøymer vidare nedover dalen. Denne vinden vert kalla fjellvind. Fjellvinden har ein kompenserande vind som strøymer oppover dalen i fjellsida og ut mot dalsidene.

Brevind[endre | endre wikiteksten]

Ved isbrear bles det katabatisk vind ned frå breen gjennom heile døgnet så lenge lufttemperaturen er over 0 ºC. Denne typen katabatisk vind vert kalla brevind.

Så lenge temperaturen er over 0 ºC, vil breen avkjøle lufta over breen. Den kalde lufta søkk og driv bort frå breen. Brevinden er mest markant for dalbrear, og bles sterkast når temperaturskilnaden mellom breen og omgjevnadane er størst. Brevinden vil derfor òg som regel vere kraftigast om ettermiddagen når lufttemperaturen er på det høgaste.

Det vert danna ein motvind over brevinden, som bles oppover i dalen. Dette er ein varmare dalvind, kalla anabatisk vind. Sidan dei to møtande vindane fører til turbulens i grenseflata mellom dei, fører dette til at brevinden døyr ut eit lite stykke nedanfor breen. For typiske norske bredalar strekkjer brevinden seg om lag 500-600 meter bort frå breen før han døyr ut.

I Antarktis og på Grønland bles det kald brevind store delar av året.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • McKnight, TL & Hess, Darrel (2000). Katabatic Winds. In , Physical Geography: A Landscape Appreciation, pp. 131-2. Upper Saddle River, NJ: Prentice Hall. ISBN 0-13-020263-0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991) Mikro- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø på liten skala – Alma Mater, Bergen. ISBN 82-419-0063-5.