Katakombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå tilfluktsrom.
St. Callixtus-katakomben i i Roma

Ein katakombe er ein underjordisk gang med gravkammer i veggane. Ordet kjem frå gresk kata kumbas, som tyder 'ved dalsøkket', og var eit skildrande namn på St. Sebastian-katakombane i Roma. Først på 1700-talet fekk ordet «katakombe» tydinga 'underjordisk kristen gravplass'.

Katakombar blir forbunde særleg med kristne gravstader i Roma, men det finst både katakombar andre stader, og ikkje-kristne katakombar. I Roma har ein t.d. òg jødiske katakombar frå antikken. Det blir ofte framstilt som om dei var skjulestader for kristne under forfølgingar, men dette er ikkje korrekt. Dei var offisielle gravplassar, og var kjende av romerske styresmakter. Årsaka til at dei vart gravne ut, var at kristne og jødar ikkje aksepterte den romerske skikken med å kremere dei avlidne, og i staden for kyrkjegardar i vanleg forstand, grov ein ut gangar i den mjuke tuffsteinen. Daude romarar vart oftast kremerte, medan kristne, som trudde på lekamleg oppstode, føretrekte å gravleggje kroppen intakt.

Etter at kristendomen vart tillaten på 300-talet gjekk katakombane ut av bruk. Ein byrja i staden å opne kyrkjegardar. Etterkvart vart dei gamle katakombane gløymt; det er berre St. Sebastian-katakombane som alltid har vore tilgjengelege, noko som kjem av at inngangen ligg i kyrkja St. Sebastian utanfor bymurane. På 800-talet gjekk sarasenarar til åtak på Roma, og dei fleste relikviane vart flytta; dette bidrog til at det ikkje lenger var nokon grunn til å vitje katakombane.

Forskarar kjende til katakombane frå skriftlege kjelder, og frå 1500-talet byrja ein å leite. Det var på denne tida at ein byrja å ta i bruk ordet katakombe som nemning på alle gravsteder av denne typen. Den første romerske katakomben vart funne heilt tilfeldig ein maidag i 1578, og sidan dengong har ein funne langt fleire, spreidd langs hovudvegane ut frå Roma. Katakombane ved Via Appia Antica er dei som trekkjer flest turistar, sjølv om dei verken er størst eller eldst. I dei tolv kilometer lange gangane som hittil er grave ut her, kviler restane etter minst hundre tusen menneske, dei fleste i familiegraver for tolv personar kvar. Dei låg over kvarandre, sveipt i eit klede strødd med kalk. Oljelamper langs gangane viste veg, og det heile var under oppsyn av betalte gravarar. Desse sette opp skilt som fortalde kven som låg kor, og stempla namna sine med segl.[1]

Omkring 60 katakombar er kjende i Roma, og av desse er 50 kristne. Sistnemnde kategori har i høve til Laterantraktaten siden 1929 vore underlagt Vatikanstaten, nærare bestemt Den pavelege kommisjonen for heilag arkeologi. Fleire av dei er opne for publikum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pål Bang-Hansen: Roma (s. 103), forlaget Damm, Oslo 1004, ISBN 82-496-0697-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Katakombe