Kate Bush
| Kate Bush | |
Kate Bush på veg for å spele på Comic Relief 1986 |
|
| Verkeleg namn | Catherine Bush |
| Fødd | 30. juli 1958 (54 år), Welling i Southeast London i England |
| Instrument | Vokal, piano, tangentinstrument, bassgitar, gitar, fiolin |
| Sjanger | Kunstrock,[1] progressiv rock,[2] alternativ rock,[1] barokkpop |
| Aktive år | 1975 til i dag |
| Yrke | Musikar, vokalist, låtskrivar, plateprodusent |
| Plateselskap | EMI Records (1975 til i dag) Columbia Records (U.S.) (1989–2009) Legacy Recordings (2010 til i dag) Fish People (own label) 2011– |
| Nettstad | http://www.katebush.com |
| Kjende instrument | |
|---|---|
| Fairlight CMI | |
Catherine «Kate» Bush (fødd 30. juli 1958)[1] er ein engelsk songar-låtskrivar, musikar og plateprodusent. Den elektiske musikkstilen hennar og særeigne vokalen hennar har gjort henne til ein av dei mest suksessrike kvinnelege artistane i Storbritannia dei siste 30 åra.
I 1978, 19 år gammal, toppa Bush singellista i Storbritannia fire veker i strekk med debutsingelen «Wuthering Heights», og vart den første kvinna i Storbritannia som gjekk til topps på lista med sin sjølvskriven song.[3] Ho har sidan gjeve ut ti album, og tre av desse har toppa albumlista i Storbritannia, og ho har hatt 25 hitsinglar inne på Topp 40 i Storbritannia, inkludert dei største hittane «Wuthering Heights», «Running Up that Hill», «King of the Mountain», «Babooshka», «The Man with the Child in His Eyes» og «Don't Give Up».
I 1987 vann ho Brit Award, den britiske spellemannsprisen, for beste britiske kvinnelege artist, og i 2002 fekk ho Ivor Novello-prisen for bidraga hennar til britisk musikk. I løpet av karrieren sin har ho vore nominert til tre Grammy Awards. Etter turneen hennar i 1979 - den einaste turneen ho har hatt - gav Bush ut albumet Never for Ever i 1980 og vart den første britiske kvinnelege artisten som toppa den britiske albumlista og den første kvinnelege artisten som gjekk rett inn på førsteplassen.[4] Ho er òg den første (og einaste) kvinnelege artisten som har hatt Topp 5-album på den britiske albumlista i fem tiår på rad.
Diskografi [endre]
- The Kick Inside (1978)
- Lionheart (1978)
- Never for Ever (1980)
- The Dreaming (1982)
- Hounds of Love (1985)
- The Sensual World (1989)
- The Red Shoes (1993)
- Aerial (2005)
- Director's Cut (2011)
- 50 Words for Snow (2011)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kate Bush» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2012.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «allmusic ((( Kate Bush > Biography )))». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p3805. Henta 26. oktober 2012.
- ↑ Moy, Ron (2006). «Kate Bush and mythologies of Englishness». Popular Musicology Online. http://www.popular-musicology-online.com/issues/02/moy-01.html. Henta 26. oktober 2012.
- ↑ Graeme Thomson (13 mai 2010). «Kate Bush's only tour: pop concert or disappearing act? The Guardian 13 mai 2010». The Guardian (London).
- ↑ «Kate Bush – Never For Ever». Liste Stats. http://www.chartstats.com/albuminfo.php?id=5079. Henta 26. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]