Kateb Yacine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Passet til Kateb Yacine

Kateb Yacine (2. august 19296. august 1989) var ein algerisk franskspråkleg forfattar. Alle bøkene hans omhandlar frigjeringskampen til den tredje verda og den mest kjende romanen hans er Nedjma frå 1956. Dette er ei skildring av kjærleik og korleis dei tradisjonelle algeriske kulturen har gått i oppløysing under det franske kolonistyret. Det same temaet førte han vidare i andre prosaverk som Le Polygone étoilé frå 1966.

Skodespela til Yacine er påverka av dramatikken til Bertolt Brecht og er skildra som eit slags «gerilja-teater»: Le Cercle des représailles (1956), L'Homme aux sandales de cautchouc (1970), om frigjeringskampen i Vietnam.

I dei seinaste stykka hans, som opphavleg vart skriven på arabisk, nyttar han mykje ironi og satire, som Mohammed prends ta valise (1971), La Guerre de 2000 ans (1974), Palestine trahie (1978). Yacine var viktig for den store fornyinga i moderne algerisk litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]