Kategoridiskusjon:Økonomar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trur det hadde vore lurt å rydda litt i dette som har me økonomar og økonomi å gjera.

Flytt til Diskusjon:Finn E. Kydland av --Ranveig 13:02, 31 oktober 2006 (UTC)
  • Thorstein Veblen ligg under kategori:norske økonomar, sjølv om eg trur han aldri har budd i Noreg. (Engelsk wiki: kjem frå Wisconsin, vaks opp med norsk i heimen, lærte ikkje engelsk før han var tenåring!)
  • Beinveges i kategori:økonomar ligg nokre artiklar det ikkje ligg lenkje til frå artikkelen økonom. Det kan kanskje forsvarast om dei ikkje er viktige nok.
Ja, økonom er vel meint å visa til dei viktigaste. All verdas økonomar er ganske mange. --Ranveig 16:01, 30 oktober 2006 (UTC)
  • Kategori:norske bankfolk synst eg kan fjernast.
  • Svein Gjedrem ligg under norske bankfolk, men ikkje under kategori:økonomar. Han er økonom.
  • Eg la inn omdirigering frå økonomar til kategori:økonomar. Då dukka denne omdirigeringssida automatisk opp som artikkel under kategori:økonomar. Er det mogleg å unngå? Eg synst det er bra med slik omdirigering, ettersom kategoriane kan vera vanskelege å finna.
Sett inn eit kolon før «kategori», slik: [[:kategori:økonomar]] --Ranveig 16:01, 30 oktober 2006 (UTC)
Ååh...! Var det det som var trikset. Der forsvann oppføringa frå lista, ja. Takk! --Sigbjørn 16:57, 30 oktober 2006 (UTC)

Eg synst me kan ha kategori:økonomar med alle økonomar beinveges. I tillegg ein underkategori for norske økonomar. Anna inndeling treng me ikkje før me har femti-hundre økonomar. Norske økonomar bør liggja både under økonomar og under norske økonomar.

Viss me skal ha ein kategori over alle økonomar bør han heita til dømes «Alle økonomar». Dersom dei alle blir liggande i overkategorien «økonomar» vil dei kunne gøyma underkategoriane og artiklar som berre ligg i denne kategorien. --Ranveig 16:01, 30 oktober 2006 (UTC)
Eg er litt uviss på om eg forstår deg rett. Me har so langt ikkje meir enn noko slikt som 22 økonomar til saman. Dei er det vanskeleg å finna fram til. Karl Marx står oppført under vidkjende økonomar, men ikkje i nokon kategori. Adam Smith ligg i kategorien kategori:britiske økonomar, men denne finst ikkje. Andre kan fort detta mellom på same måten. Eg trur strukturen slik han er i dag er eit større problem enn det det vil vera å ha to hundre økonomar i ein kategori. Eg synst me kunne krevja 20 økonomar frå eitt land før det vart ein kategori. Eg kan heller ikkje sjå at denne kategoriseringa er so viktig. Nett kva/kven er det som kan verta gøymde vekk? --Sigbjørn 16:57, 30 oktober 2006 (UTC)
Engelsk wiki synst eg er fin på dette.--Sigbjørn 17:19, 30 oktober 2006 (UTC)
Viss det blir over 200 punkt i kategorien blir han delt opp i to sider. Det gjeld også underkategoriane, slik at t.d. «Zimbabwiske økonomar» blir vekke på side 2. Dette er ikkje noko problem no, men kategoriar kan veksa ukontrollert og utan at nokon legg merke til det. Kvifor ikkje starta med eit ryddig tre? --Ranveig 13:06, 31 oktober 2006 (UTC)
Eg spør av di eg ikkje veit: Dersom me lagar ein slik struktur eg vil ha no, er det då mykje stress å endra det når me passerer 200 økonomar? Eg er samd i at det er dumt at det går over fleire sider. Dersom Asbjørn Rødseth ligg både under økonomar og norske økonomar kan det vel ikkje vera so vanskeleg å gå inn og fjerna økonomar når me får for mange i hovudkategorien?--Sigbjørn 08:58, 1 november 2006 (UTC)