Kategoridiskusjon:Brukarboksar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Har laga denne kategorien med no: som mal. Tykte det såg greitt ut å ha geografimalar. Kanskje no: er eit noko større "samfunn" enn oss, men vi vil jo vekse, og det er alltid kjekt å sjå kvar folk er frå! Har de andre meinar om dette? Roger 2. mai 2006 kl. 11:51 (UTC)

Det er ein åpenbar og avsindig mangel på brukarboksar frå Buskerud. Og kor er boksen for (vaklande) Bachelor? --Ekko 2. mai 2006 kl. 11:58 (UTC)

Norsk ord for Userboxes?[endre wikiteksten]

Eg oppretta kategorien Kategori:Brukarhåttar før eg oppdaga denne nye kategorien (Kategori:Brukarboksar) i dag. Eg synest ikkje "Brukarboksar" er eit godt namn, mellom anna av di alle slike særhått-merke eg har sett, er firkanta, medan ein boks (med mindre det er ein bankboks) vanlegvis er rund (dvs. sylindrisk).
Det er sikkert andre òg som har framlegg til betre namn før me avgjer på demokratisk vis kva me skal kalla Userboxes på norsk.
--Verdlanco\ordskifte 12. mai 2006 kl. 11:22 (UTC)

Underkategorisere?[endre wikiteksten]

Denne kategorien byrjar å bli stor og uoversiktleg, mange ligg ikkje ein gogn på riktig bokstav. Hadde det vore ein ide å underkategorisere brukarboksane/brukarhåttane etter t.d: brukarboksar etter hobby, buplass og utdanning? --Anders 15:03, 26 juni 2007 (CEST)

Jau. Den største undergruppa, Babel, er jo allereie underkategorisert. --Ranveig 15:57, 26 juni 2007 (CEST)