Kategoridiskusjon:Fødde i 1839

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ikkje fødde- og dødekategoriar?[endre wikiteksten]

Så kvifor vil me ikkje ha fødde- og dødekategoriar? --Guttorm 9. nov. 2005 kl. 12:55 (UTC)

Nei, eg veit ikkje heilt -- dei gjer jo ingen skade. Men dei er ikkje så veldig lærerike, og blir ofte misbrukte (ein person som kanskje er fødd eit år blir plassert i "fødde i" det året). -- Ranveig 9. nov. 2005 kl. 12:57 (UTC)
Vel, dei blir vel omtrent like nyttige som oversyna i årstalsartiklane, og slikt misbruk klarer me nok å halda oss for gode til her på nynorska wikipedien. Eg har ikkje noko imot desse kattane. --Guttorm 9. nov. 2005 kl. 13:07 (UTC)
Eg har ikkje så mykje sansen for dei, men er ikkje beint imot heller. Føreslår at vi ser det an litt og ser kva folk seier her... -- Olve 9. nov. 2005 kl. 16:57 (UTC)

Ser ut som om det generelt er stemning for slike kategoriar, men me bør ha nokre retningsliner. Til dømes:

  • Namn: Fødde eller fødslar? Døde, døydde eller dødsfall?
  • Skal kategoriane avgrensast? I år der det ikkje er noko problem å ramsa opp alle viktige personar som blei til eller forsvann synest eg ikkje me treng slike kategoriar. Mitt forslag er å ikkje ha nokon slike kategoriar før år 1500, men det er sjølvsagt teke rett ut av lause lufta. -- Ranveig 14. nov. 2005 kl. 20:29 (UTC)