Kategoridiskusjon:FrP-politikarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at nokon har endra Frp til FrP over heile linja. Eg er usamd i dette. Forkortinga FrP er feil etter alle tenkjeleg norske språkreglar og almenn logikk. Ho er heller ikkje, på nokon måte, einerådande i dagleg bruk, snarare er det vel eit unntak å støta på ho i media. Eg føreslår å gå tilbake til det språkleg rette Frp.--Barend 22. september 2010 kl. 10:59 (CEST)[svar]

Eg endra kategoriane til FrP, dette for å få meir fellesskap mellom kategori-namna. Gjorde det same med Kristeleg Folkeparti, Krf > KrF. Ser at det heiter «FrP» på nettsidene til partiet, men også at fleire aviser skriv «Frp». Eg trur vi burde bestemme oss for ei form og halde oss konsekvent til denne. --Fleinn 22. september 2010 kl. 11:09 (CEST)[svar]
Eg skjønnar. Det er ingen samanheng mellom KrF og FrP. KrF er ei forkorting av Kristeleg Folkeparti, altså logisk (sjølv om det etter norske språkreglar eigentleg burde heitt Kristeleg folkeparti). Men FrP er ei forkorting for ... øh... FramstegsPartiet? Nei. Men ja då, partiet sjølv brukar faktisk FrP. Sånn står saka.--Barend 22. september 2010 kl. 21:35 (CEST)[svar]