Kategoridiskusjon:Landformer etter land

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er ikkje landformar etter land. Det er landformar etter landform.--Anders 03:16, 29 desember 2007 (CET)

Nei, det er meint slik det står (som i «Elvar etter land», «Fjell etter land» osv) slik at ein kan finne dei forskjellige landformene sortert etter land. men eg ser jo at det ikkje samsvarar med dei andre kategoriane i «Kategoriar etter land». Tidlegare var strukturen i «Landforms by country» på en-wikipedia akkurat lik vår utgåve, men dei hadde ei stor omstrukturering der i haust der dei flytta alle kategoriane som t.d. «Elvar i Noreg», «Fjell i Noreg», «Fjordar i Noreg» over frå kategorien «Geografi i Noreg» til kategorien «Landformer i Noreg», som ein då finn under «Geografi i Noreg», og dermed vart deira utgåve av denne sjåande ut slik han gjer i dag. Derfor finns det ikkje lenger ein tilsvarande versjon av vår kategori på engelsk wikipedia. Eg syns det er nyttig å ha dei forskjellige landformene som er sortert etter land samla i ein kategori (som i dag er «Landformer etter land») for å halde det mest oversiktlig i kategorien «Landformer». Så då får me anten endre namn på kategorien eller fjerne heile kategorien, slik at ein heller må gå inn på dei spesifikke landformene (t.d. Kategori:Elvar) for å få kategorien for denne sortert etter land (Kategori:Elvar etter land). --Frokor 10:20, 29 desember 2007 (CET)