Kategoridiskusjon:Nordmenn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det andre enn eg som tykkjer at geografisk kategorisering av personar vert noko uoversiktleg? Det er vel ikkje sjølvsagt at alle som skriv her skal vite at det til dømes heiter kvemming, aurgjeldingar eller tønsbergensar? Vil det vere betre med til dømes Folk frå kommune, kategorisert under Folk frå fylke kategorisert under Folk frå Noreg?--Andreasv 23. august 2009 kl. 21:30 (CEST)[svar]

Ja, eg er samd. Desse kategoriane for kommunane er langt frå intuitive slik dei er no. «Nordmenn» er forsåvidt ok. --Frokor 23. august 2009 kl. 21:45 (CEST)[svar]
Det er eit viktig poeng at slike innbyggjarnamn ikkje alltid er godt kjende. Med heilt uforståelege nemningar, som siddis, er eg einig i at ein «frå»-kategori er betre. På den andre sida er innbyggjarnamna ein del av kulturarva som det kan vera fint å ta vare på, til dømes i slike kategoriar. Viss me forklarer øvst i kategorien kva kommune det dreier seg om (i artiklane om folka står det jo og rett ut kva kommune dei kjem frå), burde det ikkje vera så stort eit problem? --Ranveig 23. august 2009 kl. 22:55 (CEST)[svar]
Eg har ei stund tenkt det same som Andreasv - geografisk kategorisering på den måten som nn-wikipedia gjer, er uoversiktleg, og gjer det vanskeleg å kategorisere. Folk frå kommune er langt enklare for skribentane - dette er eit nettleksikon, og omsynet til kulturarven må vi vel kunne vareta på eit enklare vis, til dømes i artiklane om kommunane. --Egil Arne 23. august 2009 kl. 23:26 (CEST)[svar]
Eg er vel den som har sett inn flest av desse geografiske kategoriseringane den siste tida. Eg skjønar forslaget, og støttar gjerne opp om det. Men finst det nokon lett måte å endra kategoriane til rette namn på? Ganske tungvint prosess å gjera manuelt. Eg saknar forøvrig mange plasser at det er lagt inn link til bokmålswikipedia sine kategoriseringar av folk frå kommunar og fylke. --HallvardLid
Viss du går inn på "innstillingane mine" og vel "Tilleggsfunksjonar" ligg det noko som heite "HotCat" under "Redigeringsverktøy". Huk av denne, og det blir fleire hakk enklare å endra kategori -- du får opp pluss, minus og endreteikn ved sida av alle kategoriane, og kan skriva inn eller ta vekk kategoriar direkte, utan å trykka på "endre". --Ranveig 24. august 2009 kl. 00:04 (CEST)[svar]
Consider it done, som det heiter på godt norsk. Takk for tipset! Men eg tenkte meir på dette som diskusjonen går på - å endra namn på alle kategoriane til "folk frå aurland, kvam, tønsberg" i staden for "kvemming", "aurgjelding" eller "tønsbergensar". Kan dette gjerast på nokon annan måte enn å endra alle kategoriane manuelt, om enn vha. HotCat? Det finst allereie ein del av desse særeigne geografiske kategorinamna, og det finst endå fleire personartiklar som ligg lagra under dei. Eg for min del er ikkje særleg lysten på å gjera ei slik endring manuelt, om HotCat skulle forenkla jobben aldri så mykje. Er dette ei oppgåve ein kan programmera ein Bot til å gjera? --HallvardLid
Vi må få med innbyggjarnamna (kulturarven). Det kan gjerast med eigen artikkel , som aurgjeldingar (folk frå Aure), eller som i kategorien Folk frå Herøy i Nordland --Andreasv 24. august 2009 kl. 13:47 (CEST)[svar]
Og innbyggjarnamna (kulturarven) bør takast med i artiklane om kommunane, stadane osv. --Egil Arne 26. august 2009 kl. 11:41 (CEST)[svar]
Det er eit eige felt for det i mal:Infoboks norsk stad --Jorunn 26. august 2009 kl. 12:00 (CEST)[svar]

Folk frå tidlegare kommuner.[endre wikiteksten]

Det er ein del personar som er katalogiserte under tidlegare kommuner som no er samanslegne med andre og fått anna namn, sli som til dømes Edvard Langset frå Staumsnes, som no er ein del av Tingvoll. Bør dei vere kategorisere under den gamle kommunen, den nye kommunen eller begge deler ? Bør vi halde på kategoriar som Kategori:Nordmøringar, Kategori:Vestlendingar eller bør vi forenkle mest mogeleg. (Her finn eg at nb har gjort det enkelt og oversiktleg)--Andreasv 10. september 2009 kl. 15:55 (CEST)[svar]