Kategoridiskusjon:Norske forfattarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at me nå har over 200 forfattarar, det vil seie over ei side i kategorien, og fleire skal det vel bli. Det vil kanskje gje meining å sortera dei etter kva dei skreiv - diktarar, skodespelforfattarar og - romanforfattarar, eller noko betre som òg omfatter noveller?

Det burde òg gå an å sortera dei i periodar, slik at det blir mogleg å sjå kva forfattarar som verka samtidig. Men kor lange skal desse periodane i så fall vera? -- Ranveig 22. mar 2005 kl. 2141 (UTC)


Den alfabetiske oversikta over alle forfattarar skal vel få vera her, men ho kan sjølvsagt suplerast med andre oppsett på oversikta.

  • Skjønnlitterær prosa kan innefatta både romanar og noveller, men det vert det neppe noko bra kategorinemning for forfattarar av. Ein overkategori Skjønnlitteratur kan innehalda underkategorien prosaforfattarar.
  • Frå eldre tid finst også eposa. Fram til ca slutten av middelalderen (?) kan ein dela opp den skjønnlitterære litteraturen i epos, dramatikk og lyrikk. Etterpå vert verda og litteraturen meir innvikla.
  • Diktar oppfattar eg nesten som synonymt med forfattar, det vil seia diktaren skriv skjønnlitteratur, forfattaren kan skrive anna enn skjønnlitteratur. Eg oppfattar det også som litt gammaldags. Henrik Ibsen var ein diktar, men er Lars Saabye Christensen diktar?
  • Lyrikarar og poetar skriv lyrikk/poesi/dikt.
  • Skodespel oppfattar me kanskje mest som vanleg gammaldags scenedramatikk, filmmanus, fjernsynsteater, høyrespel og manus til fjernsynseriar er også noko forfattarar skriv no, dramatikk er vel eit dekkjande omgrep for heile gruppa. Dramatiske forfattarar er noko anna, forfattarar av dramatikk er krøkkete, er dramatikkforfattarar betre?


Litteratur kan også katergoriserast utfrå stilperiodane, det vil seia barokk, romantikk, modernisme og så vidare med alle underkategoriane, som igjen vil kunne samordnast med stilperiodane for til dømes musikk, biletkunst, klesmotar og så bortetter.

Nynorskforfattarar er kanskje ein kategori me kan ha? Jorunn 23. mar 2005 kl. 0239 (UTC)

Kategori:Nynorskforfattarar er grei, eg har lagd inn dei eg kom på og kunne finna, men norke manglar sikkert.
Eg er samd i det meste ovanfor, men for meg er diktar den beste nemninga på ein som skriv dikt. Eg synest lyrikar/poet blir for moderne - medan skald er for gamaldags. -- Ranveig 26. mar 2005 kl. 0947 (UTC)


Å før Ø[endre wikiteksten]

Forfattarane med etternamn som byrjar på Å kjem før dei på Ø i oppramsinga no, det ser ikkje ut som om det er noko gale med malen CategoryTOC, er det noko djupare i systemet? --Jorunn 5. jun 2005 kl. 2247 (UTC)

Kanskje svenskane har kuppa alfabetiseringa i wikipedia som ein hemn hundre år etter unionsoppløysinga?  :-)
--Verdlanco\ordskifte 8. jun 2005 kl. 0726 (UTC)
Ja, dét skal du sjå er kor’ dette heng saman...! ;-) Olve 8. jun 2005 kl. 0747 (UTC)

Artikklar om forfattarar har gjerne ei verk-liste. Ser at det vert lagt til ISBN og/eller forlag i ein del tilfelle. Er dette noko vi bør strebe etter, eller skal vi gjere innsats på å forbetre på anna vis?--Andreasv (diskusjon) 20. februar 2022 kl. 23:44 (CET)[svar]

Det er ein god idé å ha det med fordi det gjer det lettare å finna bøkene. Det same gjeld forlag. Men det kan vera mykje arbeid for ei lang liste. --Ranveig (diskusjon) 21. februar 2022 kl. 08:41 (CET)[svar]