Kategoridiskusjon:Regissørar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg synst det er upraktisk å ha både kategorien regissørar, (med ein heil del underkategoriar; norske, danske, svenske), og kategorien filmregissørar (med ein heil del underkategoriar; norske, danske, svenske.)

På bokmål opererer dei med kategorien norske regissørar, som har 4 underkategoriar: filmregissørar, TV-regissørar, teater etc. Men når det gjeld internasjonale regissørar, spesifiserer dei ikkje etter type regissør. Dei har berre finske regissørar, russiske regissørar og regissørar frå USA.

I og med at regissørar ofte redigerer både film, teater og TV-produksjonar, synst eg dette ser fornuftig ut. Eg vil innføra det same systemet her, dersom det ikkje er protestar mot det. HallvardLid 27. november 2011 kl. 16:29 (CET)[svar]