Kategoridiskusjon:Signalhandsaming

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er ikkje heilt samd med at Signalhandsaming bør høyra til Kategori:Ekektroteknikk, men meiner at Kategori:Ekektronikk er meir relevant. Fagfeltet elektroteknikk er det same som på engelsk vert kalla «circuit theory» (krinsteori). Det kan argumenterast for at passive filtre høyrer til fagfeltet krinsteori, men med unnatak av heil enkle filtre vert det meste av analog signalhandsaming utført med aktive krinsar, som høyrer til fagfeltet elektronikk. --Sigmundg 11:44, 25 august 2007 (CEST)

«Electrical engineering» står som «elektroteknikk» i mi ordbok. Men berre byt for min del. --Frokor 12:18, 25 august 2007 (CEST)

Ja, «Electrical engineering» kan omsettast med «elektroteknikk». «Elektroteknikk» er meir omfattande enn «krinsteori» og ei meir nøyaktig (betre) omsetting av «electrical engineering». «Electrical engineering» svarar (slik det vert nytta innan fagmiljøet) til det norske omgrepet «sterkstraum», medan «electronics engineering» svarar til fagfeltet «elektronikk». Det er vel like mykje historiske som logiske grunnar som ligg til grunn for denne terminologien. Grunnen til at eg meiner at (analog) «signalhandsaming» høyrer heime innan Kategori:Electronikk er at ein innan signalhandsaming ikkje arbeider med sterkstraum, men med «småsignalar» og for det meste med aktiv elektrinikk (ofte operasjonsforsterkarar). --Sigmundg 13:17, 25 august 2007 (CEST)

Då er det berre å endre. Dette er eit stykke unna mitt fagfelt, så eg har eigentleg berre stolt på ordboka (som jo ikkje nødvendigvis får med seg alle tydingar). --Frokor 15:39, 25 august 2007 (CEST)