Kategoridiskusjon:Tal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For at tala i kategorien skal koma i stigande rekkjefølgje og ikkje i alfabetisk rekkjefølgje, nyttar vi konvensjonen at heiltala får ein sorteringsnøkkel som alltid byrjar med mellomrom og sluttar med sjølve talet. Viss dette vert mindre enn fem teikn til saman, fyller vi nøkkelen opp med asterisk som annakvart teikn og mellomrom som annakvart teikn, til nøkkelen er fem teikn lang. Fordi asterisk og mellomrom vert sortert framfor sifferet 1, kjem "_*_19" (nitten) før "_*100" (hundre), og "_*123" før "_1023". Tal som har meir enn fire siffer, får ikkje nøkkel med mellomrom først, og dermed kjem dei etter dei mindre tala i artikkellista.

Dei minste tala skal vanlegvis skrivast med talord, ikkje tal (ein, to, tre i staden for 1, 2, 3). Er det nokon spesiell grunn til å ikkje gjera det også i oppslagsorda om kvart tal? --Tannkrem 4. juli 2010 kl. 12:08 (CEST)[svar]

Det er vel helst i prosa at ein nyttar boksatver. I eit leksikon er trur eg det er betre å handsama alle tala likt. --Sigmundg 4. juli 2010 kl. 13:15 (CEST)[svar]
Eg trur meininga var at det skulle vera eit system der alle tal skulle ha tittel på forma "Talet n". Men eg er einig med deg i at det ser betre ut å bruka korte talord, ikkje berre for små tal, men for innarbeidde talnamn som hundre, tusen, million og googolplex. Ser dette allereie er gjort med tre av desse døma. --Ranveig 4. juli 2010 kl. 13:17 (CEST)[svar]
Det eg meinte var at det er betre å nytta forma 1, 2, 3, ..., 100, ..., 65636, .... For store tal er det vel best å nytta potensar, slik: 264, 1012, osb., dlik at ein slepp å rekna nullar. --Sigmundg 4. juli 2010 kl. 13:34 (CEST)--Sigmundg 4. juli 2010 kl. 13:34 (CEST)[svar]

Entall eller flertall?[endre wikiteksten]

Skal artiklene om tall være i entall eller flertall? Nå har vi Naturleg tal og Negativt tal, men Rasjonale tal og Reelle tal. --Wikijens (diskusjon) 16. juli 2012 kl. 18:53 (CEST)[svar]