Kategoridiskusjon:USA

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er sikkert dei som kjem til å bruka denne kategorien sjølv om kategori:Sambandsstatane finst, trur difor det er betre å skriva noko slikt som:

Dette er kategorien åt forkortinga USA, for landet USA har me kategorien Sambandsstatane.

eller?

Nja… Eg meinte ikkje bokstaveleg at vi bør sletta kategorien, eg tenkte på ei omdirigering til Kategori:Sambandsstatane, som var her først. Skulle nokon trenga ein ekstra kategori for forkortinga "USA", kan dei sjølvsagt overta tittelen.
--Verdlanco\diskusjon 5. mai 2005 kl. 1630 (UTC)
Eg lurer litt på kor lett det blir i praksis å få brukarane til å hugse å kategorisere nye sider som kategori:Sambandsstatane heller enn som kategori:USA. Kva trur de andre? Olve 5. mai 2005 kl. 1703 (UTC)
Eg trur eigentleg USA er beste løysinga, det er jo også der artikkelen er (sjølv om det også i og for seg er ein uløyst diskusjon). --Guttorm 5. mai 2005 kl. 1719 (UTC)
Det er no ikkje so mykje arbeid å endra det viss ein artikkelskribent skulle koma i skade for å skriva [[Kategori:USA]] der det skulle stå [[Kategori:Sambandsstatane]]. Greier vi dét, vil dei to kategoriane vera synonyme for lesarar dersom vi har omdirigering.
Eg synest dessutan at det norske namnet på landet treng å bli løfta litt fram, for det har blitt fullstendig overkøyrd av den engelske forkortinga i årevis no. Men den debatten tek vi på Diskusjon:USA.
--Verdlanco\diskusjon 5. mai 2005 kl. 2120 (UTC)
Jau, det er faktisk mykje arbeid: USA/Sambandsstatane er eit stort emne, med sine halvt hundre statar og mykje innverknad (på godt og vondt) på moderne verdskultur. Eg er einig i at sjølve USA-artikkelen eventuelt kunne liggja på Sambandsstatane, men meiner det er viktigare at kategorien er så intuitiv som råd, slik at vi unngår unødig dobbeltarbeid...! -- Olve 5. mai 2005 kl. 2143 (UTC)
Det er faktisk ikkje mykje arbeid i det heile teke: Kategoripeikaren vil verka sjølv om han peikar på omdirigeringa. Den einaste negative følgja me kan få, er at det kan bli ei forseinking før artikkelen visast i kategorien dersom artikkelforfattaren brukar feil form av kategorinamnet og einkvan lyt endra det.
På den andre sida: Den einaste positive følgja er jo at folk ser at ordet Sambandsstatane framleis er i bruk, og dét er kanhende ikkje so viktig at det er verdt å risikera noka forvirring.
--Verdlanco\diskusjon 6. mai 2005 kl. 0631 (UTC)