Kategoridiskusjon:Wikipedantar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

På norsk Wikipedia har eg lystig kome med framlegg til norske ord for det dei på engelsk kallar Wikipedian. I tillegg til wikipedant har eg lansert wikiped, wikipedist, wikis og wikipediot. Andre har omsett det med m.a. wikipedianer, bidragsyter og Wikipedia-bruker. Eg er spent på å sjå kva som vil verta mest brukt på nynorsk-Wikipedia!
(Viss ei av omsetjingane utkrystalliserer seg som den mest populære, bør denne kategorien skifta namn.)
--Verdlanco (diskusjon) 4. jan 2005 kl. 22:03 (UTC)

Morosam idé! Sjølv vil eg nok klassifisera meg som wikipediot, medan Olve nok wil gå med på å kallast ein wikipedant. Kanskje me kan samla alle omgrepa i kategorien wikingar (merk: dette er ein spøk) -- Ranveig 4. jan 2005 kl. 22:51 (UTC)

Wikingar var då eit aldeles framifrå framlegg ((nyttar ikkje å spøka her, Ranveig ;-)). Elles må eg få byrja skriva nokre stykke her igjen, altfor lite verksemd frå meg i det siste! Jarle 4. jan 2005 kl. 23:04 (UTC)

Dette var innwikla... ;-) I utgangspunktet likar eg no best wikipedianar, men kan i og for seg forstå at Ranveig ymtar frampå om at eg kunne kallast wikipedant... :) Elles er wikkis, wikipedikar og wikiholikar greie namn, mens wikipedofil truleg er best å halde seg langt unna. (Kva var det Storm P. sa om spøk og alvor att...?) Men di meir eg ser på alternativa, di meir får eg sansen for wikiped... -- Olve 5. jan 2005 kl. 02:36 (UTC)
Dersom nokon gidd å setja det opp, ville det vera fint med ein presentasjon av alle alternativa (anten i Samfunnshuset eller ein annan stad), med plass til å argumentera for og imot, og ei røysting (som helst bør gå over ganske lang tid) blant brukarane.
--Verdlanco (diskusjon) 5. jan 2005 kl. 09:33 (UTC)

Registrerte wikipedantar[endre wikiteksten]

...og så var vi to! Velkomen i klubben, Kristaga!  :-)
--Verdlanco (diskusjon) 17. jan 2005 kl. 23:16 (UTC)

Wikipidant[endre wikiteksten]

Det er vel sjolvsagd for alle kva er ein wikipidant er, men når ein fyrst har ein peikar dit som er tom, burde ikkje nokon fylla han? --Anders 13. august 2005 kl. 18:43 (UTC)