Katekismetavle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katekismetavla i Gimmestad gamle kyrkje (Foto: C. Hill)

Katekismetavle er i utgangspunktet ei altartavle med tekst, utan bilete. Tanken bak dei var å føre fokuset til kyrkjelyden bort frå sjølve kyrkja til Bibelen og katekismelæra.

Katekismetavler i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fleire av dei lutherske prestane på slutten av 1500-talet var påverka av Calvin frå Professor Niels Hemmingsen i København og difor imot bilete i kyrkjene. Den fyrste norske katekismetavla kom i 1589, same året som ein prestesynode i Bergen anbefalte slike tavler. Denne katekismetavla står i Gaupne gamle kyrkje og har alle dei fem katekismetekstane. Men alt på byrjinga av 1600-tale kom de mange blandingstavler med både tekst og bilete.

Luther var sjølv ikkje mot bilete i kyrkjene, men meinte snarare at bileta kunne vekkje dei rette evangeliske kjenslene. Også den danske reformatoren Peder Palladius var for bilete, så lenge dei vart brukt på eit pedagogisk vis. Prestane i den reformerte kyrkja hadde til oppgåve å lære folk evangeliet, men folk flest på 1500- og 1600-talet kunne ikkje lese, og altertavler fulle av uforståeleg tekst var til liten nytte når ein ville nå analfabetar.[1]

Utover på 1600-talet var det ikkje berre altertavlene som fekk bilete att, men mange kyrkjer fekk også veggene dekte med fargerike måleri som synte hendingar frå bibeltekstane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Ekroll: Rovde kyrkje: «Den fattigste av alle kirker» - mellom dei rikaste på historiske minnesmerke. Årbok for Sunnmøre 2007

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Øystein Morten (2008). Stavkyrkja i Eidsborg : Ein biografi. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus Forlag. s. 102. ISBN 978-82-304-0037-1. 
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.