Kateríni
| Kateríni Lokalt namn: Κατερίνη |
|
|---|---|
Frå byparken i Kateríni |
|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 682,4 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Piería |
| Hovudsete | Kateríni (55 997 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 85 851 (2011) |
| Folketettleik | 125,9 /km² |
Kateríni (gresk Κατερίνη) er ein by og ein kommune i periferieininga Piería i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på Pieríasletta mellom Ólymbos og Thermaikósbukta i ei høgd på 14 m. Byen, som er ein av dei nyaste i Hellas, har om lag 56 000 innbyggjarar. Han ligg nær Thessaloníki, den nest største byen i Hellas og som har hjelpe utviklinga til Kateríni dei seinaste åra.
Kateríni ligg seks kilometer frå sjøen, og er eit populært turistmål. Strendene Korinós, Paralía og Olymbiakí Aktí er mykje bruka sumarstid. Fleire arkeologiske funn, som den antikke byen Dío og det venetianske slottet Platamónas, finst i området.
Bynamnet har sine røter i Katerina av Alexandria (Ajía Ekateríni), ein gresk-ortodoks martyr, som levde på 300-talet. Kateríni vart frigjord frå osmanarane 16. oktober 1912 under den første balkankrigen. Den tyske hæren tok byen 14. april 1941 og trekte seg ut tre år seinare.
Administrativ inndeling [endre]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Katerini frå Engelsk Wikipedia .