Kathleen Brennan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kathleen Brennan
Fødd2. mars 1955 (69 år)
FødestadJohnsburg
OpphavUSA
Verka somkunstmålar, komponist, musikkprodusent, låtskrivar, manusforfattar
Gift medTom Waits

Kathleen Brennan (fødd 2. mars 1955) er ein amerikansk kunstnar, musikar og låtskrivar, best kjend som kona til Tom Waits. Ho har medverka som låtskrivar og produsent på mange av platene hans, særleg i seinare år.

Brennan vart fødd i Johnsburg i Illinois. Brennan og Waits møtte kvarandre i 1980 under filminga av Francis Ford Coppola sin film One from the Heart. Waits skreiv filmmusikken til filmen i lag med songarinna Crystal Gayle. Brennan arbeidde i filmstudioet som manusanalytikar.

Waits fortalte følgjande i eir radiointervju med Chris Douridas i USA: «Vi trefte kvarandre nyttårsaftan på ein fest i Hollywood. Eg skulle reise dagen etter. Eg skulle flytte til New York City og skulle aldri tilbake til Los Angeles igjen. So sa eg. Men eg har sagt det før. Så vi møttest på nyttårsaftan og eg reiste. Då det vart gått fire månader ringde dei meg og spurde om eg kunne gjere One from the Heart. Eg kom tilbake og fekk eit lite kontor med eit piano og eg skreiv songar og Kathleen jobba i filmstudioet. Ho var historieanalytikar. Nokon bad ho gå ned og banke på døra mi, noko ho gjorde og eg opna døra og der stod ho. Det var det for meg. Kjærleik ved første blikk. Kjærleik ved andre blikk.» Dei gifta seg 10. august 1980, visstnok hos Always Forever Wedding Chapel, eit døgnope bryllaupskapell.

Brennan har halde seg ute av rampelyset, men står som medforfattar på mange av songane til Waits frå etter dei gifte seg. Ho er òg biletkunstnar og har måla eit av måleria på som er brukt på innsida av plateomslaget til Waits-albumet The Black Rider.

Brennan bur i dag i California i lag med Waits og dei tre borna deira Kellesimone, Sullivan og Casey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]