Katolikos av heile Armenia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katolikospalasset i Echmiadzin

Katolikos av heile Armenia (georgisk Ամենայն հայոց կաթողիկոսներ) er den øvste biskopen og den andelege leiaren for den nasjonale kyrkja i Armenia, Den armensk-apostoliske kyrkja, og den armenske diasporaen i verda. I følgje segnet førte apostlane Judas Taddeus og Bartoloemeus kristendommen til Armenia i det første hundreåret. Gregor lysbringaren vart den første katolikosen i Armenia etter at nasjonen hadde gjort kristendomen offisiell religion i 301 e.Kr. Setet til katolikosen og det administrativet hovudkvarteret til den armenske kyrkja, er moderkyrkja av Edzjmiatsin, som ligg i byen Vagharshapat.

Den armenske apostoliske kyrkja er ein del av den austleg-ortodokse kyrkja som ikkje godtar og følgjer avgjersler tekne av konsilet i Khalkedon. Ho omfattar den Den koptisk-ortodokse kyrkja av Alexandria, Den etiopisk-ortodokske kyrkja, Den syrisk-ortodokse kyrkja, Den malankarisk-ortodoks-syriske kyrkja og Den eritreisk-ortodokse kyrkja.

Den noverande katolikosen er Karekin II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]