Katowice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katowice
Flagget til Katowice Byvåpenet til Katowice
Flagget til Katowice Byvåpenet til Katowice


Plassering
Katowice is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Schlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
1500-talet
1865
Borgarmeister Piotr Uszok
Geografi
Flatevidd
 - By

164,67 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

317 220
  1926/km²
3 500 000
Koordinatar 50°15′0″N 19°0′0″EKoordinatar: 50°15′0″N 19°0′0″E
Høgd over havet 266-352 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 40-001 til 40-999
Telefon-retningsnummer +48 32
Bilnummer SK
Nettstad: www.um.katowice.pl


Katowice (tysk Kattowitz, tsjekkisk Katovice) er ein industriby i Schlesien i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Han har om lag 320 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Polen ved elvane Kłodnica og Rawa (sideelva til Oder og Wisła). Katowice ligg i Det schlesiske høglandet, om lag 50 km frå Dei schlesiske Beskidane (ein del av Karpatane) og om lag 100 km frå Sudetane.

Katowice har vore hovudstad i Schlesiske voivodskap sidan 1999. Tidlegare var han hovudstad i Katowice-voivodskapet og før det igjen i Det autonome schlesiske voivodskapet. Katowice er den største byen i det øvre schlesiske indistruområdet og det sentrale Øvre Schlesiske Storbyområde, som inneheld 3,5 millionar innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og høyrde til landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).

Wyspianski-teateret i Katowice

Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.

Personar[endre | endre wikiteksten]