Katuiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katuiske språk
Klassifisering: Austroasiatiske språk
 Kjerne-mon–khmer]]?
  Khmero-vietisk?
   Vieto-katuisk?
Vidare inndeling: Katu
Kui–Bru (vest)
Pacoh
Ta'Oi–Kriang
Område: Indokina
Språkgrupper i Søraust-Asia Katuiske språk er avmerkte med lilla.

Katuiske språk er ei grein av den austroasiatiske språkfamilien. Dei femten katuiske språka blir snakka av 1,3 millionar menneske i Søraust-Asia. Dei som snakkar katuiske språk blir kalla katuar.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga av dei katuiske språka nedanfor følgjer Sidwell (2003). Sidwell (2009) ser katu-greina som den mest konservative greina av katuisk.

  • Katuspråka:
    • Katu (Låg-katu, Laos)
    • Phuong (Høg-katu, Vietnam)

Ethnologue listar også opp kassang som eit katu-språk, men Sidwell ser det som eit bahnarisk språk (Sidwell 2003).

Urspråk[endre | endre wikiteksten]

Sidwell (2005) rekonstruerer konsonantsystemet til ur-katuisk slik:

*p *t *c *k
*b *d
*m *n
*w *l, *r *j
*s *h

Dette er identisk med ur-mon khmer, bortsett frå , som er betre bevart i katuspråka enn ia ndre greiner av austroasiatisk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Costello, N. A. (1991). Nôôq paraaq Katu: Katu dictionary : Katu–Vietnamese–English. Manila: Summer Institute of Linguistics, Thailand Group.
  • Peiros, I. (1996). Katuic comparative dictionary. Canberra, Australia: Dept. of Linguistics, Research School of Pacific and Asian Studies, Australian National University. ISBN 0858834359
  • Sidwell, P. (2005). The Katuic languages: classification, reconstruction and comparative lexicon. LINCOM studies in Asian linguistics, 58. Muenchen: Lincom Europa. ISBN 3895868027
  • Sidwell, Paul. (2009). Classifying the Austroasiatic languages: history and state of the art. LINCOM studies in Asian linguistics, 76. Munich: Lincom Europa.
  • Thomas, D. M. (1976). A phonological reconstruction of Proto–East Katuic. Grand Forks, N.D.: Summer Institute of Linguistics.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]