Kauai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kauai sett frå verdsrommet.

Kauai er den eldste og fjerdestørste av øyane på Hawaii, og har eit areal på 1 430 km². Øya vert òg kalla «Hageøya» og ligg nordvest for Oahu. Øya vart danna av vulkansk aktivitet og den høgaste fjelltoppen på denne fjelløya er Kawaikini på 1 598 m. Den nest høgaste toppen er Mount Waialeale, nær midten av øya, på 1 570 m. Austsida av øya er ein av dei våtaste stadane på jorda med rundt 11 700 mm i snitt per år. Dei store nedbørsmengdene har danna djupe dalar i dei sentrale fjella, og grave ut djupe gjel med naturskjønne fossefall.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Under styret til kong Kamehameha, vart Kauai og Niihau dei siste av Hawaii-øyane som kom inn under kongeriket hans. Leiaren på desse øyane, Kamualii, motstod åtak frå Kamehameha i fleire år. To gonger klargjorde kong Kamehameha to store armadaer med skip og kanoar for å ta øyene med makt, men begge gongane vart det mislykka. Første gong på grunn av ein storm, og andre gong på grunn på av ein epidemi. Etter å ha vorte truga med invasjon valde Kamualii å slå seg saman med kongeriket, og vart Kamehameha sin vassal i 1810.

Fyr ved ein golfbane på Kauai

Byen Lihue, på søraustkysten av øya, er hovudsete i Kauai County, og har om lag 10 000 innbyggjarar. Dette er om lag 50 % meir enn folketalet i Waimea, som ein gong var hovudstaden på Kauai på sørvestsida av øya. Dette var første staden den britiske utforskaraen Kaptein James Cook besøkte i 1778. Waimea ligg ved munningen av elva Waimea, som strøymer gjennom eit av dei mest naturskjønne områda i verda, den 900 m djupe Waimea Canyon.

I 1992 kan orkanen Iniki ha ført til ei indirekte endring i økosystemet på Kauai. Enkelte meiner at øydelagde kyllingfarmar førte til at mange kyllingar slapp laus i naturen. Andre meiner at kyllingar som arbeidarar på sukkerplantasjar hadde med seg på 1800- og 1900-talet slapp laus og formeirte seg. Uansett er det mange ville høner og hanar laus på øya, og hanane er kjend for å forstyrre natteroen med skrika sine.

Viktige byar[endre | endre wikiteksten]

Hanaleielva og Taroslettene på nordkysten av Kauai.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kauai

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Edward Joestring. Kauaʻi, the Separate Kingdom. University of Hawaiʻi Press and Kauaʻi Museum Association. Honolulu. 1984. ISBN 0-8248-1162-3