Kaurtang
| Kaurtang | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Chromalveolata | |
| Klasse: | Phaeophyta | |
| Orden: | Fucales | |
| Familie: | Fucaceae | |
| Slekt: | Fucus | |
| Art: | F. spiralis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Fucus spiralis | ||
Kaurtang er ei vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.
Innhaldsliste |
Utsjånad [endre]
5-10 cm høg brunalge som ofte vert forveksla med blærelause småindivid av blæretang. Kaurtangen manglar blærer, og skota er noko spiralsnodde med midtnerve. Kjønnsorgana sit i urneliknande groper i oppsvulma greinspissar (receptaklar). Receptaklane på kaurtangen er runde og gulbrune, på blæretangen meir eller mindre avlange. På kaurtangen er receptaklane dessutan omgjevne av ein liten steril kant. Han- og hoorgan vert utvikla på same planta og om sommaren. På blæretange vert dei utvikla på ulike plantar i april-juni..
Utbreiing [endre]
Tangen finst vanleg langs strandlinene på atlanterhavskystane i Europa, Kanariøyane og Nord-Amerika.
Førekomst i Noreg [endre]
Kaurtangen veks gjerne i eit belte like over blæretangbeltet, og trivst på skjerma stadar og helst på nordvende svaberg. Finst langs heile kysten, men sparsamt i Skagerrakområdet.
Kjelder [endre]
- *Denne artikkelen bygger på «Fucus spiralis» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).