Kautokeino kommune
| Kautokeino kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 2011 |
| Fylke | Finnmark |
| Adm.senter | Kautokeino |
| Areal | 9 707 km² |
| Folketal | 2 899 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2003-2011) | Klemet Erland Hætta (Samefolkets parti) |
| Språk | |
| Nettstad | www.kautokeino.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Kautokeino kommune på Commons | |
Kautokeino (nordsamisk: Guovdageaidnu, evt. Kautokeino kommune, sam. Guovdageainnu suohkan, finsk Koutokeinon kunta, kvensk Koutokeinon komuuni) er den største kommunen i Noreg, og ligg i Finnmark fylke. Godt over 90 % av dei som bur i Kautokeino har samisk som morsmål, og kommunen er rekna som det kulturelle senteret i det nordsamiske området.
Kommunevåpenet er ein lávvu i gull på blå grunnfarge. Lávvuen symboliserer kommunen sine tradisjonar frå samisk kultur og eigenart. Fargen gull er eit symbol på den samiske kulturen sin rikdom og mangfald. Den blå botnen står for arktisk klima og natur.
Kautokeino er den kommunen i Noreg med lågast folketettleik med 0,3 innbyggarar per kvadratkilometer (2005).
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Kautokeino vart relativt seint ein del av Danmark-Noreg, så seint som på 1700-talet var kyrkja i Kautokeino ei svensk kyrkje.
Kautokeino er kjend for å vere heimstaden til Kautokeinoopprøret i 1852, eit opprør mot norsk framferd i Sameland. Opprøret var inspirert av Lars Levi Læstadius.
Då Alta-Kautokeino-vassdraget vart planlagt regulert, var det planar om å setje heile Masi under vatn.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Kautokeino kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 873 | 1123 | 1372 | 1559 | 1946 | 2578 | 2859 | 2963 | 3076 | 2949 |
Tettstad i kommunen [endre]
- Kautokeino - 1 354 innbyggjarar (2012)
Kjem frå Kautokeino [endre]
- Ingor Ante Ailu Gaup (Iŋgor Ántte Áilu Gaup)
- Ole Henrik Magga
- Niko Valkeapää
- Ann Mari Andersen
- Anton Dahl
Verd å vitja [endre]
Sjå au [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengde i Kautokeino 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Finnmark | ||
|---|---|---|
| Alta · Berlevåg · Båtsfjord · Gamvik · Hammerfest · Hasvik · Karasjok · Kautokeino · Kvalsund · Lebesby · Loppa · Måsøy · Nesseby · Nordkapp · Porsanger · Sør-Varanger · Tana · Vadsø · Vardø | ||