Kautokeino kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°0′12″N 23°2′44″E

Kautokeino kyrkje
Kautokeino kirke.JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Nord-Hålogaland
Prosti:  Indre Finnmark
Fellesråd:  Kautokeino
Sokn:  Kautokeino
Innvigd:  1958
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Finn Bryn
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  300

Kautokeino kyrkje er ei langkyrkje frå 1958 i Kautokeino kommune i Finnmark fylke. Kyrkjebygget ligg på austsida av Kautokeinoelva, sør for Kautokeino sentrum.

Byggverket er i tre og er bygd med 300 plassar. Altartavla er måla av Jørgen Mudd og framstiller Jesus som ein hyrde. Lysekronene frå kyrkja som vart brent i 1944 er teken vare på og heng i kyrkja.

Den første kyrkja, som vart bygd av Sverige i 1701, vart brent av tyske styrkar i 1944.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Kautokeino kyrkje er eit kulturminne og har nummer 84768 i Riksantikvarens kulturminnebase.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]