Kayleigh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kayleigh
Singel av Marillion
frå albumet Misplaced Childhood
B-side

«Lady Nina»

Språk engelsk
Utgjeve 7. mai 1985
Innspelt Hansa Ton Studios, Berlin, mars — mai 1985
Sjanger Neo-progressiv rock
Softrock
Lengd 3:33
Selskap EMI
Komponist Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas, Fish
Tekstforfattar Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas, Fish
Låtskrivar(ar) musikk: Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas
tekst: Fish
Produsent Chris Kimsey
Marillion-kronologi 
«Assassing»
(1984)
Kayleigh «Lavender»
(1985)


«Kayleigh» er ein song av det britiske neo-progressive rockebandet Marillion frå 1985. Songen nådde andre plassen på den britiske singellista.[1] Han er den mest suksessrike singelen til bandet og nådde òg Topp 10 i Irland, Noreg og Frankrike. «Kayleigh» er den einaste songen til bandet som gjekk inn på Billboard Hot 100 i USA og nådde ein 74. plass der i 1986.[2]

Songen vart mykje spelt på radio i Storbritannia og bandet framførte songen på fjernsynsprogram som Wogan og Top of the Pops. Songen er òg med i videospelet Grand Theft Auto IV på den fiktive radiokanalen Vice CIty FM og i filmen Late Night Shopping.

Musikkvideoen vart spelt inn i Berlin, der albumet Misplaced Childhood, som songen er henta frå, vart spelt inn. I videoen kan ein sjå Tamara Nowy, ei tysk kvinne som sidan gifta seg med songaren Fish, og Robert Mead, guten ein kan sjå på album- og singelomslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chart Stats - Marillion - Kayleigh». Arkivert frå originalen 16. september 2009. Henta 11. september 2012. 
  2. «allmusic ((( Marillion > Charts & Awards > Billboard Singles )))». Henta 11. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]