Kecskemét

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kecskemét
Plassering
Kecskemét is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region

Megye
Ungarn Ungarn
Den sørlege store sletta
Bács-Kiskun
Geografi
Flatevidd
 - By

321,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

108 286
  337/km²
Koordinatar 46°54′01″N 19°41′30″EKoordinatar: 46°54′01″N 19°41′30″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6000
Telefon-retningsnummer 76
Heimeside: www.kecskemet.hu


Kecskemét (utt. Ketsjkemet) (kroatisk Kečkemit, Kečkemerac) er ein by sentralt i Ungarn. Med om lag 110 000 innbyggjarar er han den åttande største byen i landet og fylkeshovudstad i Bács-Kiskun.

Kecskemét ligg halvvegs mellom Budapest og Szeged, 86 km frå begge to, og nesten like langt frå dei to store elvane i landet, Donau og Tisza.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første spora etter menneske i nærleiken av byen er om lag fem tusen år gamle. Sarmatianarar invaderte området i det 1. hundreåret fvt. Frå byrjinga av 1200-talet var det sju landsbyar med om lag 200-300 innbyggjarar rundt ei kyrkje, men dei vart alle øydelagd under den mongolske invasjonen av Ungarn.

Kecskemét låg langs ei av dei viktige handelsrutene og vart ein toll- og handelsstad. Ein av Ludvig den store sine dokument nemner han som ein by i 1368. Utviklinga til Kecskemét nøyt godt av plasseringa si og han vart ein markedsby.

Byen vart erobra av osmanarane, men vart verna ved at dei betalte skatt direkte til pashaen i Buda.

Dyreavl var ei viktig næring for Kecskemét og nesten 30 000 kyr beita på den nesten 2 000 km² store sletta som byen låg på. Mot slutten av 1700-talet var denne næringa mindre viktig då produksjon av vin tok seg opp etter at store delar av landet hadde vorte råka av sjukdom på vindruene som øydela vingardane. I 1870-åra vart det oppretta store vinplantasjar rundt byen som vart hovudnæringa til Kecskemét. I denne perioden vart hovudplassen, rådhuset, fleire palass og handelshus bygd.

Den raske utviklinga stoppa opp i samband med den økonomiske krisa i verda i 1929-33, etterfulgt av den andre verdskrigen og det nye politiske systemet etter krigen. Utviklinga til Kecskemét vart blokkert på slutten av 1950-åra og fleire nye landsbyar vart danna ut frå område som tidlegare høyrte til byen. I 1950 vart byen fylkeshovudstad i det største fylket i landet, Bács-Kiskun.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kecskemét

Kjelde[endre | endre wikiteksten]