Keep It Dark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keep It Dark
Singel av Genesis
frå albumet Abacab
B-side

Naminanu

Utgjeve 23. oktober 1981
Innspelt 1981
Sjanger Rock, postpunk, industriell[1]
Lengd 4:32
Selskap Charisma/Virgin
Komponist Tony Banks
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi 
«No Reply at All»
(1981)
Keep It Dark «Man on the Corner»
(1982)


«Keep It Dark» er ein song av det britiske bandet Genesis frå albumet Abacab i 1981 og som 23. oktober 1981 vart gjeven ut som singel i Europa. Han nådde 33. plass på UK Singles Chart.[2]

Songen er ein lett rockesong som skildrar ein mann som vert bortført av romvesen og teken til ei lys, lukkeleg verd. Når han kjem attende føler han seg nøydd til å lyge om hending (halde det mørkt, keep it dark) og i staden hevde at han vart kidnappa av tjuvar som ville ha pengane hans. Teksten fokuserer på ironien med at ei makaber løgn er meir truverdig enn ei lukkeleg sanning.

Songstrukturen er uvanleg og rytmen er i 3/2-takt, med ein særeigen synkopert rytmegitar. Songaren Phil Collins syng somme linjer av songen i falsett.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Progrockbandet World Trade spelte inn ein versjon av songen for hyllestalbumet til Genesis, Supper's Ready i 1996.
  • I 2007 spelte sonen til Phil Collins, Simon, inn sin eigen versjon av songen som ei hyllest til at det var 40 år sidan Genesis starta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fricke, David (26. november 1981). Abacab review, Rolling Stone.
  2. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]