Kefár Nahúm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Synagogeruin i Kefár Nahúm (Kapernaum)
Foto: Berthold Werner (2010)
Katolsk kyrkje bygd oppå ruinen av huset som blir rekna å ha vore heimen åt St. Peter i Kefár Nahúm (Kapernaum)
Foto: Herwig Reidlinger (2005)

Kefár Nahúm (hebr. כְּפַר נָחוּם [Kəfar Nāḥūm]) eller Kapernaum (frå gr.), var ein by ved Jam kinnéret (Genesaretsjøen i Galilea som var busett frå kring 150 fvt. til byen vart øydelagd av jordskjelv i 746 evt.. Kefár Nahúm er i dag kjend både for ein godt bevart synagogeruin og for si rolle i Det nye testamentet.

Kefár Nahúm (Kapernaum) i Det nye testamentet[endre | endre wikiteksten]

Byen er nemnd i dei nytestamentlege evangelia. I Lukasevangeliet er byen omtala som heimstaden åt apostlane Peter, Andreas, Jakob og Johannes — og dessutan skatteoppkrevjaren Matteus. I Matteus 4:13 er byen omtala som heimstaden åt Jesus sjølv. Etter Lukasevangeliet underviste Jesus i synagogen i Kapernaum, og ruinar av bygningen frå den tida er funne under ruinen av ein seinare synagoge. Eitt hus i byen vart æra som huset åt fiskaren Peter så tidleg som 100-talet evt., og to kyrkjer vart seinare bygd på den staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]