Keith Christmas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keith Christmas
Verkeleg namn Keith Peter Christmas
Fødd 13. oktober 1946
Sjanger Folkrock
Aktive år seint i 1960-åra til i dag
Tilknytte artistar Mighty Baby
Plateselskap RCA Victor, B & C Records, Manticore Records
Nettstad www.keithchristmas.co.uk

Keith Peter Christmas (fødd 13. oktober 1946) er ein engelsk songar og låtskrivar. Han gav ut det første albumet sitt, Stimulus, i 1969. Han spelte akustisk gitarDavid Bowie-albumet Space Oddity og spelte på Glastonbury-festivalen i 1970.

Gjennom 1970-åra gav han ut fire album til, Fable Of The Wings, Pigmy, Brighter Day og Stories From The Human Zoo, medan han turnerte med og spelte som oppvarming for band som The Who, King Crimson, Ten Years After, Frank Zappa, Roxy Music, Hawkwind, Captain Beefheart og The Kinks.[1]

Andre musikarar han har medverka på innspelingane til er Mighty Baby, Pat Donaldson, Keith Tippett, Gerry Conway, Shelagh McDonald, Rod Argent, Peter Sinfield, Greg Lake, Mel Collins, Cat Stevens og Michael Boshears.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bioandlyrics.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]