Keith Connor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keith Connor
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. september 1957 (66 år)
Anguilla
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, VM i friidrett 1983, Samveldelekene 1978, Samveldelekene 1982, EM i friidrett 1978, EM i friidrett 1982, EM i friidrett innendørs 1978, Sommeruniversiaden 1981

Keith Leroy Connor (fødd 16. september 1957) er ein tidlegare friidrettsutøvar som tevla for Storbritannia i tresteghopp. Han vann gullmedaljen i øvinga ved EM 1982 i Aten og bronsemedaljen i same øving under OL 1984 i Los Angeles.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Connor er fødd i Anguilla i Karibia, og flytta med foreldra til Storbritannia i 1964. Han vart samveldemeister i 1978 og 1982 med etter hopp på høvesvis 17,21 m og 17,81, det siste i for sterk medvind. I 1978 kom han elles på sjetteplassen i EM i Praha.

I juni 1982 sette Connor i Provo i Utah sin personlege rekord på 17,57 m. To månader seinare vart han europameister med eit bestehopp på 17,29 m. Under dei olympiske leikane i Los Angeles i 1984 fekk han ein bronsemedalje, i ei tevling der mange av dei beste tresteghopparane i verda ikkje stilte til start, då mange land, særleg austeuropeiske, boikotta leikane.

Skadar førte til at Connor la opp etter OL-sesongen 1984. Han har sidan arbeidd som trenar, mellom anna var han landslagssjef for Australia i perioden 2001-06.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]