Keith Jarrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keith Jarrett ved klaveret.

Keith Jarrett (fødd 8. mai 1945) er ein amerikansk jazzpianist.

Eit særdrag ved spelet til Jarrett er vidfamnande soloimprovisasjonar der han trekker inn element ikkje berre frå jazzen men òg frå musikkformer som til dømes klassisk musikk, gospel, blues og etnisk musikk. Improvisasjonane er dokumentert i usedvanleg omfangsrike liveinnspelingar, mellom anna Solo Concerts Bremen/Lausanne, The Köln Concert, The Sun Bear Concerts.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Keith Jarrett voks opp som den eldste av i alt fem brør. Han fekk klaverundervisning frå treårsalderen og sju år gammal stod han på scena for første gong. I åra etter heldt han fleire konsertar og i 1962 framførde han ein totimars konsert han hadde skrive sjølv – utan å ha fått korkje orkestrering- eller komposisjonsundervisning. I samråd med mora avslo han eit tilbod om å studere hos Nadia Boulanger i Paris. Jarrett studerte på Berklee College of Music in Boston, men braut av etter eit år. Etter ei stund som barpianist arbeidde han frå 1963 med kjente jazzmusikarar som Chet Baker, Lee Konitz og i lengre tid med Art Blakey. I 1966 engasjerte han saksofonisten Charles Lloyd, reiste på fleire europaturnear og spelte på Monterey Pop Festival og Fillmore West med bandet sitt. I 1968 starta han ein trio med bassisten Charlie Haden og trommeslagaren Paul Motian, og i åra 1971 til 1976 var dei forsterka av saksofonisten Dewey Redman i det som blir kalla the American quartet.

På slutten av 1960-åra var Jarrett blitt kjent ut over den inste kjernen av jazzinteresserte, men det eigentlege gjennombrotet kom da han i 1969 blei medlem av Miles Davis sin jazzrockgruppe. Jarrett var i Miles Davis lineup fram til 1971 og spelte hovudsakleg elpiano og elektronisk orgel.

Etter tida med Davis starta ei tid som soloartist og innspeling av eigne album, fram til 1975 heldt han rundt 50 solokonsertar over heile verda. Nokre av desse er dokumentert; til dømes på Solo Concerts Bremen/Lausanne (1974) og The Köln Concert (1975), og dei høyrer overraskande nok til bestseljarane hos det vanleg interesserte jazzpublikummet i 1970-åra. Opptaka frå fem solokonsertar i Japan med til saman 40 000 tilhøyrarar blei i 1979 gitt ut som ein samlekassett med 10 LP'ar under tittelen «Sun Bear Concerts».

Omtrent på same tid formidla produsenten Manfred Eicher kontakt med musikarar som saksofonisten Jan Garbarek, bassisten Palle Danielsson og trommisen Jon Christensen (Belonging, 1974, My Song, 1978) i det som blir kalla the European quartet. Tidleg på 1970-talet var Jarrett òg open for å spele med andre musikarar, som Freddie Hubbard, Airto Moreira, Kenny Wheeler (Gnu High, 1975) og Charlie Haden (Closeness).

Ved sidan av konsertaktiviteten tok Jarrett til å interessere seg for klassisk musikk og instrument som var uvanlege i jazzsamanhang. Albuma Hymns, Spheres (1976) og Invocations – Moth and the Flame (1979) blei spelt inn på eit kyrkjeorgel, Book of Way (1986) på eit klavikord og innspelingar av Bach-verka Goldbergvariasjonane (1989) og Das Wohltemperierte Klavier (1987/90) spelte han delvis inn på eit cembalo.

I 1983 fekk han nye impulsar til pianotrioformatet gjennom eit samarbeid med Gary Peacock på bass og Jack DeJohnette på trommer. Dei spelte ein god del standarlåtar og derfor blir kalla Standards Trio. Det blei gjort ei rekke innspelingar med denne gruppa, dei fleste live.

På midten av 1990-talet blei Jarrett råka av en myalgisk encefalomyelitt (ME), og først i 1998 kunne han litt om litt spele piano igjen. Etter å ha friskna til spelte han inn soloalbumet The Melody at Night, with You som opphavleg var meint som ei privat julegåve til kona. Han fortsette konsertaktiviteten med trioen. Dei viktigaste oppaka hans på 2000-talet er Always Let Me Go (2001), Up for It (2002) og solo-doppelt-CD'en «Radiance» (2005).

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Solo live
  • 1971: Facing You, solodebut
  • 1973: Solo Concerts, Bremen/Lausanne
  • 1975: The Köln Concert
  • 1976: Sun Bear Concerts
  • 1976: Sphere
  • 1981: Bregenz-Concerts
  • 1988: Paris Concert
  • 1991: Vienna Concert
  • 1995: La Scala
  • 2005: Radiance
  • 2006: The Carnegie Hall Concert
  • 2009: Paris/London - Testament
I studio eller med gruppe
  • 1962: Swinging Big Sound, med Don Jacoby and the College All-Stars
  • 1966: Buttercorn Lady, med Art Blakey and the New Jazz Messengers
  • 1966: Dream Weaver, live, med Charles Lloyd
  • 1967: Forest Flower, live, med Charles Lloyd
  • 1967: Love-In, live, med Charles Lloyd
  • 1967: Journey Within, live, med Charles Lloyd
  • 1968: Charles Lloyd in Europe, live i Aulaen, med Charles Lloyd
  • 1971: Facing You
  • 1971: Gary Burton & Keith Jarrett
  • 1974: Belonging, med Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen
  • 1976: Staircase
  • 1978: My Song, med Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen
  • 1983: Standards
  • 1986: Book Of Ways
  • 1987: Dark Intervals
  • 1991: 24 Preludes and Fugues op. 87 (Sjostakovitsj)
  • 1993: Bye Bye Blackbird
  • 1998: The Melody At Night, With You
  • 2004: The Out-of-Towners, live
  • 2010: Jasmine, med Charlie Haden

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]