Kellogg Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kellogg Valley
dal
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°29′S 161°11′E / 77.483°S 161.183°E / -77.483; 161.183
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Kellogg Valley
77°29′00″S 161°10′59″E / 77.4833°S 161.183°E / -77.4833; 161.183
Kellogg Valley is located in Antarktis
Kellogg Valley (Antarktis)

Kellogg Valley er ein høg (1400 moh.) hengedal i Antarktis som stort sett er isfri. Han ligg mellom Mount Boreas og Mount Aeolus i Olympus Range i Victoria Land. Dalen munnar ut i nord til McKelvey Valley, 500 m nedanfor. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1997) etter ekteparet Thomas B. og Davida E. Kellogg som var glasiologar i Department of Geological Sciences og Institute of Quaternary Studies ved University of Maine, og som i fleire sesongar 1976–90 arbeidde i lag i McMurdo Sound-området, mellom anna på McMurdoisen, Rossisen, i Rosshavet og McMurdo Dry Valleys, der denne dalen ligg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kellogg Valley» (innhald frå Geographic Names Information System).