Kemerovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kemerovo
Кемерово
Sovjetplassen i Kemerovo
Sovjetplassen i Kemerovo
Flagget til Kemerovo Byvåpenet til Kemerovo
Flagget til Kemerovo Byvåpenet til Kemerovo


Plassering
Kemerovo is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kemerovo oblast
Grunnlagd
Bystatus
9. mai 1918
1918
Borgarmeister Vladimir Mikhajlov
Geografi
Flatevidd
 - By

282 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

519 800
  1 843,3 /km²
Koordinatar 55°20′″N 86°4′″EKoordinatar: 55°20′″N 86°4′″E
Høgd over havet 140 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 650000
Retningsnummer (tlf) +7 3842
Bilnummer 42
Nettstad: www.kemerovo.ru/

Kemerovo (russisk Ке́мерово) er ein industriby ved elva Tom, aust-nordaust for Novosibirsk. Han er det administrative senteret i Kemerovo oblast i det store kolindustriområdet i Kunznetsk-bekkenet. I 2007 hadde byen om lag 520 000 innbyggjarar. Kemorovo lufthamn ligg ved byen

Byen ligg 3482 km aust for Moskva der elva Iskitim munnar ut i Tom. Han er ein viktig industriby som utvikla seg under Sovjetunionen med viktige kjemiske-, gjødsel- og produksjonsfabrikkar. Han er knytt til ei grein av den transsibrske jernbanen. Sidan oppløysinga av Sovjetunionen har industrien opplevd nedgang og ført til høg arbeidsløyse.

Kemorovo har kontinentalklima med ein middeltemperatur som varierer frå -18 °C i januar til 20 °C i juli, og relativt lite nedbør, berre 420 mm i løpet av eit normalt år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kemerovo er ei sasmanslåing av fleire eldre russiske busetjingar. Ein lokalstasjon kalla Verkhotomskij ostrog vart oppretta i nærleiken i 1657 på vegen frå Tomsk til Kuznetsk festning. I 1701 vart busetnaden Sjtsjeglovo grunnlagd på venstresida av Tomsk og vart raskt ein landsby. I 1859 eksisterte det sju landsbyar i området rundt dagens Kemerovo: Sjtsjeglovka (eller Ust-Iskitimskoje), Kemerovo (fekk namn i 1734), Jevsejevo, Krasnyj Jar, Kur-Iskitim (Plesjki), Davydovo (Isjanovo) og Borovaja. I 1721 vart det oppdaga kol i området. Dei første kolgruvene vart oppretta i 1907 og ein kjemisk fabrikk i 1916. I 1917 hadde Sjtsjeglovo om lag 4000 innbyggjarar.

Området vart vidare utvikla då jernbanen mellom Jurga og Koltsjugino (i dag Leninsk-Kuznetskij) vart lagt til byen, med linje mellom Topki og Sjtsjeglovo. Sjtsjeglovo fekk bystatus i 1918, som no vert rekna som grunnleggjinga av Kemerovo. Kemerovo, som då framleis var ein landsby, vart ein del av Sjtsjglovsk kommune. I 1932 vart Sjtsjeglovsk kalla opp etter Kemerovo og vart senteret i Kemerovo oblast i 1943.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kemerovo