Kempten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kempten
Kempten
Kempten
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Kempten
Kempten is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Schwaben
Kreisfri by
Først nemnd i 50 f.kr.
Geografi
Flatevidd
 - By

63,29 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

61 480
  971/km²
Koordinatar 49°53′0″N 10°53′0″EKoordinatar: 49°53′0″N 10°53′0″E
Høgd over havet 674 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 87401–87439
Telefon-retningsnummer 0831
Bilnummer KE
Heimeside: www.kempten.de

Kempten er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Bayern med om lag 60 000 innbyggjarar. Området vart opphavleg busett av keltarar, men vart erobra av romarane, som kalla byen Cambodunum. Arkeologar reknar Kempten som ein av dei eldste busetnadane i Tyskalnd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den greske geografen Strabon nemnde byen i år 50 f.kr. som ein keltisk stad kalla Kambodunon. Dette er rekna som den eldste nedskrive kjelda til noko tysk by. Ein har derimot ikkje funne arkeologiske spor etter denne keltiske busetnaden.

I år 15 f.kr. erobra romarane den keltiske byen og kalla han Cambodunum. Dei neste åra vart det bygd ein klassisk romersk by her med bad, forum og tempel.

Byen vart øydelagd i 233 av alemannarane og Cambodunum vart forlatt og flytta til ein meir strategisk stad ved åsen Burghalde ovanfor elva Iller. Dei siste romerske troppane drog bort frå området i 488 og alemannarane tok over. Byen vart så flytta ned på sletta ved sida av Iller og vart øydelagd av frankarar i 683.

Rundt 747 kom den irske munken Magnus og Teodor frå St. Gall i Sveits for å kristne området. Dei neste åra vart det bygd eit kloster. Audogar var den første abbeden i det nye benediktinarklosteret. Ved hjelp av Karl den store si kone, Hildegard, vart klosteret eit av dei mektigaste i Frankarriket.

Ungararane ramponerte byen fleire gongar, og biskop Ulrik av Augsburg og abbeden av Kempten bygde klosteret og byen opp att i 941.

I 1213 gav keisar Frederick II abbedane tittelen hertug, og i 1289 gjorde kong Rudolf av Habsburg byen til ein fri keisarby. I 1527 konverterte byen til protestantisme og kom i strid med det katolske klosteret.

Kempten i 1650.

Under trettiårskrigen (1632/33) vart byen øydelagd av både keisaren sine troppar og så av svenske troppar. Under napoleonskrigane kom byen inn under Bayern (1802-1803).

Det låg ein underavdeling av Dachau konsentrasjonsleir her under den andre verdskrigen.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kempten

Kjelder[endre | endre wikiteksten]