Ken Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scott in November 2014

Ken Scott (fødd 20. april 1947 i London) er ein engelsk plateprodusent og lydteknikar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Scott starta 16 år gammal og arbeidde i lydbandbibiloteket i Abbey Road Studios. Han vart lydteknikar for artistar som The Beatles, Jeff Beck, Pink Floyd, The Rolling Stones og Procol Harum.[1]

Scott flytta til Trident Studios der han arbeidde med artistar som Elton John, Harry Nilsson, Mahavishnu Orchestra, America og George Harrison på det bestseljande albumet All Things Must Pass.[2]

Scott var så medprodusent på David Bowie-albuma Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972), Aladdin Sane (1973) og Pin Ups (1973) før han produserte Supertramp, The Tubes, Dixie Dregs, Devo, Missing Persons, Kansas, Happy The Man og Level 42.[3][4]

I nyare tid har Scott spelt inn fleire legendariske trommeslagarar for eit VST-instrument kalla EpiK Drums - A Ken Scott Collection.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]