Kenan Evren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenan Evren

Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 17. juli 1917
Kula
Død

9. mai 2015 (97 år)
Ankara

Yrke statsmann, militær
Språk tyrkisk, engelsk
Politisk parti partilaus
Ektefelle Sekine Evren
Kenan Evren på Commons

Kenan Evren (17. juli 19179. mai 2015) var ein tyrkisk general som frå 1980 til 1989 var den sjuande presidenten i Tyrkia. Han tok makta gjennom å leie eit militærkupp i 1980.

Den 18. juni 2014 dømde ein tyrkisk rett han til livsvarig fengsel, og degraderte han frå general i høren til meinig soldat. Han vart dømt for å ha leia miltærkuppet i 1980, og ha hindra folkestyret ved å avsetje statsminister Süleyman Demirel, oppløyse parlamentet og senatet, samt opphevde grunnlova.

Evren, som var fødd i Alaşehir, døydde ved eit militærsjukehus i Ankara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.