Kennedykanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kennedykanalen

Kennedykanalen (engelsk:Kennedy Channel) er eit sund nord for 80. breiddegrad (80°55′N, 66°30′V) mellom den canadiske øya Ellesmereøya og den nordvestlege grønlandske halvøya Washington Land. Sundet er mellom 26–29 km breitt og utvidar seg mot nord til 177 km. I Kennedykanalen ligg øyane Crozierøya, Franklinøya og Hans Ø. Sundet er ein del av Naressundet, som knyter Baffinbukta i hop med Lincolnsjøen. Einast nokre veker på seinsommaren kan sundet vere ope for siglas. Elles om året er sundet tilfrose.

Sundet er kalla opp etter den britiske polarforskaren William Kennedy. Han var i 1854 med på Franklinekspedisjonen.