Kennet i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°27′33″N 0°56′58″W
Kennet
elv
none  Kennet munnar ut i Themsen
Kennet munnar ut i Themsen
Land Flag of England.svg England
Grevskap Wiltshire, Berkshire
Tilløp
 - venstre Og, Lambourn
 - høgre Dun, Enborne, Clayhill Brook, Foudry Brook
Byar Marlborough, Hungerford, Newbury
Kjelde
 - stad Swallowhead Spring, Wiltshire
 - høgd 200 moh
 - koordinatar 51°30′10″N 1°50′42″W
Munning Themsen
 - stad Reading
 - høgd 40 moh
 - koordinatar 51°27′33″N 0°56′58″W
Lengd 72 km
Vassføring for Theale, Berkshire
 - middel 9,75 /s

Kennet er ei elv i det sørlege England, og ei sideelv til Themsen. Dei nedre delane av elva er farbare for elvebåtar og blir kalla Kennet Navigation, som saman med Avon Navigation, Kennet and Avon Canal og Themsen dannar ein samanhengande vassveg mellom byane Bristol og London.

Elva Kennet er vorte tildelt nemninga Site of Special Scientific Interest (SSSI) frå nær kjeldene vest for Marlborough ned til Woolhampton. Dette er primært fordi elva har fleire sjeldne planter og dyr som er unike for elvar i kritt-bergartar.[1]

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Kjeldene til Kennet er ved Silbury Hill i Wiltshire, der ho mellom anna passerer nær det forhistoriske monumentet Avebury. Herfrå renn elva mot aust og passerer gjennom Marlborough, Hungerford and Newbury før ho munnar ut i Themsen ved Reading i Berkshire.

Dei øvre delane av Kennet har to sideelvar, Og som renn inn i Kennet ved Marlborough, og Dun som kjem inn ved Hungerford. Dei viktigatste sideelvane til Kennet nedanfor Marlborough er Lambourn og Enborne. Over ei strekning på 10 kilometer vest for og gjennom Reading har Kennet eit sekundært løp kalla Holy Brook, som tidlegare gav kraft til vassmøllene til Reading Abbey.

Båttrafikk[endre | endre wikiteksten]

Tyle Mill Lock i Sulhamstead.
County Lock i Reading

Kennet er farbar frå samløpet med Themsen ved Kennet Mouth i Reading til Newbury, der ho møter Kennet and Avon Canal.

Dei første par kilometrane av elva, frå Kennet Mouth til High Bridge i Reading, har vore farbare i alle fall sidan 1200-talet, og har sørgt for bryggeplass for både innbyggjarane til byen og for klostret Reading Abbey. Denne korte, farbare elvestrekninga var tidlegare under kontrollen til klostret, men ho blir i dag administrert av Environment Agency som om ho var ein del av Themsen.

Frå High Bridge til Newbury vart elva gjort farbar mellom 1718 og 1723 under overoppsyn av ingeniøren John Hore frå Newbury. Denne elvestrekninga, som blir kalla Kennet Navigation, blir no administrert av British Waterways som ein del av Kennet and Avon Canal. Heile den farbare elvestrekninga vekslar parti med naturleg elveleie med 11 kilometer kunstige kanalar for slusene, som forserer ein høgdeskilnad på 40 meter.

Ressursbruk[endre | endre wikiteksten]

Gjennom heile historia si har Kennet vorte brukt som kraftkjelde for ulike pre-industrielle og industrielle aktivitetar gjennom bruk av vassmøller. Nokre stader har elva vorte heva for å gje større fallhøgde for møllene. Tre gjenverande møller finst i Ramsbury, og det finst mange nedlagde møller og stader der det har vore møller, slik som Southcote, Burghfield, Sulhamstead, Aldermaston, Thatcham, Newbury og Hungerford. Forutan møllene vart elvevatnet på 1600- og 1700-talet òg brukt til bryggeria og garveria i Ramsbury og Marlborough.[2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Elva vart tidlegare kalla «Cunnit». Namnet er truleg avleidd frå den nærliggande romerske busetjinga Cunetio (no Mildenhall).[3][4]

I «Dictionnaire de la langue gauloise» (ordbod over det galliske språket) foreslår Xavier Delamare: cuno tyder «hund», og i øy-keltisk blir oter kalla «vasshund», så namnet Kennet kan tyde «gøymestaden til oteren».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SSSI designation for River Kennet (PDF). Vitja 5. juli 2011.
  2. Action for the River Kennet website
  3. Michael Dames (1976) The Silbury Treasure – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  4. Footsteps of the Goddess in Britain and Ireland. Societies of Peace - Second World Congress on Matriarchal Societies. Vitja 5. juli 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kennet i England