Kenny Buttrey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kenneth Buttrey)
Kenny Buttrey
Statsborgarskap USA
Fødd 1. april 1945
Nashville
Død

12. september 2004 (59 år)
Tennessee

Yrke musikar, låtskrivar
Medlem av The Stray Gators

Aaron Kenneth Buttrey (1. april 194512. september 2004) var ein amerikanske trommeslagar og arrangør. I følgje CMT var han «ein av dei viktigaste studiomusikarane i Nashville».[1]

Buttrey vart fødd i Nashville og vart profesjonell musikar alt 11 år gammal. Berre 14 år gammal la han ut på den første verdsturneen sin med Chet Atkins. Han arbeidde først med Charlie McCoy og spelte seinare i sine eigne band, Barefoot Jerry og Area Code 615. Area Code 615 var best kjend for songen «Stone Fox Chase», som vart kjenningsmelodien for BBS-programmet The Old Grey Whistle Test i 1970-åra.

Han er derimot mest kjend som studiomusikar og har arbeidd med mange kjende musikarar, mellom andre Bob Dylan, Neil Young og Jimmy Buffett.

Han spelar på Dylan sine album Blonde on Blonde, Nashville Skyline og John Wesley Harding, Neil Young sine Tonight's the Night, Harvest og Harvest Moon; og Buffett sine Changes in Latitudes, Changes in Attitudes (inkludert den kjende «Margaritaville»). Han har òg arbeidd med Bob Seger, Gordon Lightfoot, Elvis Presley, Donovan, George Harrison, Joan Baez, Dan Fogelberg og Kris Kristofferson. I 1979 spelte Buttrey trommer på det siste studioalbumet til Chuck Berry, Rock It. I tillegg til studioarbeidet, spelte han i turnebandet til Neil Young, Stray Gators og spelte i gruppa Rig.

Han er sitert på at han er mest stolt over å ha spelt trommer på Bob Dylan sin «Lay Lady Lay».

Buttrey døydde av kreft i Nashville den 12. september 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]