Kenneth L. Pike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kenneth Lee Pike (9. juni 191231. desember 2000) var ein amerikansk lingvist og antropolog. Han var ein leiande figur i Summer Institute of Linguistics frå 1940 og fram til han døydde. Pike utførte feltarbeid i Sør- og Mellomamerika, og seinare i Afrika og Søraustasia.

Pike er kjend for sin grammatiske teori tagmemics og for sin analysemetode emic-etic. Boka hans om tonespråk frå 1945 (Tone languages: The nature of tonal systems, with a technique for the analysis of their significant pitch contrasts) var eit tidleg verk innanfor typologisk forsking på tonespråk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]