Kenny Clarke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kenny Clarke

Kenny Clarke (9. januar 191426. januar 1985) fødd som Kenneth Clarke Spearman i Pittsburgh i Pennsylvania, var ein amerikansk jazztrommis. Han sat i husbandet på Minton's Playhouse i byrjinga av 1940-åra, og var sentral i utviklinga av bebopen. Bruken av ride cymbalen i moderne jazz vert gjerne tilskrive Clarke. Tidlegare var skarptromma (saman med basstromma) den viktigaste tromma ein nytta for å markere pulsen. Clarke byrja å flytte dette over til cymbalane, og let basstromma og skarptromma stå for markeringar i musikken.

Clarke var med i det fyrste mannskapet til Modern Jazz Quartet i 1951, og han deltok I fleire studioopptak for Savoy Records. Connie Kay erstatta han i MJQ i 1955, og frå 1956 budde Clarke i Frankrike, der han spelte med amerikanske musikarar som vitja Paris (mellom andre Bud Powell, som han spelte med i ein trio med Pierre Michelot). Saman med den belgiske pianisten Francy Boland starta han eit storband i 1961 med leiande europeiske musikarar og amerikanske musikarar som budde i Europa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]