Kenorland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kenorland var eit av dei tidlegaste superkontinenta på jorda. Ein meiner det oppstod under neoarkeikum form lag 2,7 milliardar år sidan ved at kratona på denne tida slo seg saman, samt at det vart danna ny kontinentalskorpe. Kenorland bestod av landmassar som seinare vart Laurentia (i dag Nord-Amerika og Grønland), Baltica (i dag Skandinavia og Baltikum), Vest-Australia og Kalahari. Vulkanske gangsvermar og paleomagnetisk orientering har påvist eksistensen til kontinentet. Kjernen av Kenorland, det baltiske skjoldet har spor som går tilbake til over 3,1 millionar år sidan. Yilgarn-kratonen i dagens Vest-Australia inneheld zirkonkrystallar som er 4,4 milliard år gamle, tett opp til danninga av sjølve jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]