Kensington Gardens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kensington Gardens er ein av dei kongelege parkane i London. Den ligg rett vest for Hyde Park. Det meste av parken ligg i City of Westminster, men ein liten seksjon i vest ligg i bydelen Kensington and Chelsea. Parken dekkjer eit område på 1,1 km².

Den blir iblant oppfatta som ein del av Hyde Park, men ringvegen West Carriage Drive utgjer ei klar grense mellom dei to.

Kensington Gardens dannar saman med Hyde Park, Green Park og St. James's Park ei nærmast samanhengande «grøn lunge» i hjartet av London mellom Notting Hill og Westminster.

Blant kjennemerka i parken er Albert Memorial (eit minnesmerke over ektemannen til dronning Victoria), Kensington Palace, ei bronsestatue av Peter Pan og kunstmuseet Serpentine Gallery.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]