Kent Gudmundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kent Gudmundsen i 2009

Kent Vidar Gudmundsen (fødd 5. mars 1978 i Harstad) er ein norsk politikar for Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Troms fylke sidan 2013, etter å ha vore vararepresentant sidan 2001. Gudmundsen var fylkesråd for utdanning i Troms 2009–2013.

Han har vore politisk aktiv sidan 1993. Gudmundsen har mellom anna vore nestleiar i Harstad Unge Høgre 1995–1997, leiar i Troms Unge Høgre 1998–2001, medlem av Troms fylkesting sidan 1999, nestleiar i Troms Høgre sidan 2004, leiar i Tromsø Høgre sidan 2008 og medlem av Tromsø kommunestyre sidan 2011.

Han har også vore representant i Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR), styremedlem i UKM Troms 1999–2004, medlem av skolestyret ved Heggen VGS 2000–2005, nestleiar i OPUS Troms FKF 2003–2006, styreleiar i Troms fylkeskultursenter FKF 2003–2006 og styremedlem i Tromsø Havn KF 2007–2010.

Gudmundsen har arbeidserfaring frå servicebransjen, omsorgssektoren og IKT-sektoren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kent Gudmundsen